16. september 2014

Carl Frode Tiller: Portrett av ein varulv (2011)

Noko av det som gjer Innsirkling til slik ein glimrande trilogi er dei gode dialogane. Tiller har eit godt øyre for truverdige replikkar, og slik sett er det ikkje rart at han òg greier seg godt som dramatikar. Dette er rett nok ikkje det beste stykket han har skrive, men det er mykje bra her.

Som i Folkehelsa er her stoff som er henta frå Innsirkling (eller omvendt). I farten er eg ikkje sikker på om det er Innsirkling 2 eller Innsirkling 3 han har henta moment frå til eit par av scenene. Her er ei overvektig jente som heller ikkje er altfor skarp, til dømes, som på spørsmålet frå ein gut om kor mange kromosom ho eigentleg har, svarar "fleire enn deg, i alle fall".

Hovudpersonen i stykket, Kent, vil helst spela black metal og ikkje noko anna. Han har slutta på skulen, og sjølv om han har sagt til systera at han skal ta til i ny jobb, reiser han ut for å drikka kvelden før den fyrste jobbdagen. Han reiser på ein fest, der han (i kjent Tiller-ånd) drikk for mykje, kranglar og drit seg ut, og slengjer altfor mykje med lippa. Seinare same natt tenner han og bandkompisen Espen på kyrkja, før dei ikkje greier å gjennomføra planane om å brenna ned eit asylmottak.

Det er altså mykje bra her, men det tek likevel ikkje heilt av. Det dramatiske senteret i stykket, som vel må vera brannforsøka, vert ikkje dramatiske nok. Det heile sluttar med at Kent lagar seg niste for å gå på jobb, og denne harmoniske slutten står òg i litt for stor kontrast til resten av stykket. Kanskje det er slik at Kent skjønar at han må leggja livsstilen om etter dei mislukka brannpåsetjingane, men det er litt utruleg at det skulle ha skjedd på nokre få timar der han sov ut ein heller kraftig rus.

Guffen er lunken.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar