9. november 2014

Ove Røsbak: Alf Prøysen. Blåklokkeviku og slipsteinsvæils (2014)

Eg var innom det nye Prøysenhuset tidlegare denne veka. Sjølve huset var uferdig, utstillingane deira er ikkje ferdige før til sommaren, men me snakka ein del om Alf Prøysen. Eg såg litt av filmen dei viser om han, var innom i Prøysenstua (der Prøysen vaks opp), og fekk lyst til å vita meir om mannen. Vegen var ikkje lang til museumsbutikken, der denne biografien låg framme.

Boka kom fyrste gong ut i 1992, men er no revidert og oppdatert. Det er ei bok som utvidar respekten eg har for Prøysen, sjølv om alt ikkje er like godt i boka. Det vert mange repetisjonar, spesielt om korleis Prøysen hadde sympati med dei svake i samfunnet, korleis han heile tida var knytt til husmannsplassen han vaks opp på, korleis han var nær knytt til mora, korleis han var familiekjær, og korleis han hadde eit lyrisk talent nesten utan sidestykke.

Røsbak er god når han skildrar dei fyrste leveåra, og best når han skildrar dei siste. Då hadde Prøysen budd lenge i Nittedal, men to-tre år før han døydde kom han oftare attende. Ein gong var han i heimtraktene ei god veke, vitja gamle kjenningar, og opplevde heime-naturen på nytt. Her er altså Røsbak god, men han er ikkje like god elles. Ting som ser viktige ut vert nemnde i ei bisetning, medan andre ting og episodar dvelar han lengre ved. Boka er bygd opp strengt kronologisk, kanskje hadde ho vorte betre om han hadde sortert litt, og skrive samla om dei ulike sidene til Prøysen. Altså sider som diktaren, songaren/artisten, prosaforfattaren, fjernsyns- og radiomannen, og evt. familiemannen og alt det der.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar