30. desember 2015

John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

Kva er viktigast? Integritet eller pengar? Integritet eller endå meir pengar? For The Doors var integriteten det viktigaste, i alle fall så lenge vokalisten Jim Morrison var i live. Han vart heilt rabiat då han høyrde at dei tre andre hadde gitt Buick løyve til å bruka "Light My Fire" i ein reklamefilm, til og med med litt endra tekst ("Come on Buick, light my fire"). Det vart aldri noko av den filmen, men bandet får stadig slike tilbod.

Rundt tusenårsskiftet kom Cadillac med eit tilbod bandet ikkje kunne takka nei til - dei skulle få 15 millionar dollar for at Cadillac skulle få bruka ein song i ein reklamefilm. Eller - to av dei attlevande kunne ikkje takka nei. John Densmore hugsa kva Morrison hadde sagt på slutten av 60-åra, og brukte veto-retten sin. Nokre år seinare ville dei to andre ut på turné der dei spelte Doors-songar. Densmore ville ikkje vera med, og vart noko forundra då han såg at dei kalla seg The Doors of the 21st Century, der dei fire siste orda var trykt med langt mindre skrift. I lysingar for konsertane brukte dei eit bilete av Morrison, slik at dei faktisk skapte inntrykk av at det var originalbandet som var på tur. Det var det ikkje, det var to originale og to nye. At Ray Manzarek og Robby Krieger ville turnera utan Densmore var ikkje så overraskande, i sjølvbiografien sin var Manzarek klar på at Densmore var den i bandet som gjekk dårlegast saman med dei andre. Men Densmore fann seg ikkje i dette, han gjekk til sak, og denne boka handlar om den rettssaka.

Densmore vann på alle punkt, og ut frå det som står her verkar det fornuftig, også når ein tek omsyn til at Densmore så til dei grader var part i saka. Og det er bra at integriteten vann, at der faktisk finst nokon som greier å takka nei til mykje pengar. For advokaten til motparten var det heilt uforståelege tankar Densmore kom med, og han prøvde å få juryen til å forstå at Densmore, med ein slik oppførsel, måtte reknast som ein som ville bryta ned alle verdiane Amerika er bygd på.

Så boka endar godt. Det er likevel ikkje noko stort blinkskot, dette, det vert svært mange referat frå avhøyr i retten, med nokre utruleg kjedelege kapittel i mellom.

Guffen er lunken.

Meir The Doors på kulturguffebloggen
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)
When You're Strange (film, 2009)

27. desember 2015

Simon Winchester: The Professor and the Madman (1998)

Professoren i tittelen var James Murray, som var redaktør for sjølvaste Oxford English Dictionary. Arbeidet med det verket tok til i 1857, det fyrste bandet kom i 1884, og det siste av dei ti banda kom i 1928. Seinare har det kome i to trykte utgåver til. Eit sentralt grep i verket var at ein ikkje berre skulle lista opp ord, ein skulle òg visa korleis orda hadde vore brukte gjennom åra. Dei knytte til seg svært mange friviljuge, som las bøker for å dokumentera bruken av orda.

Galningen i tittelen var W.C. Minor, ein av dei mest ivrige til å senda inn døme på ordbruken. Han sende inn meir enn 10 000 slike døme, og hadde ei høg stjerne hjå Murray og medarbeidarane hans. Murray prøvde fleire gonger å møta Minor, men det tok nokre år før han fekk det til, og han må ha vorte overraska då han fann ut at Minor budde på eit galehus. Han var plaga av altfor realistiske fantasiar, han trudde at han om nettene vart heimsøkt av både folk og dyr. Han vart innlagt etter at han hadde drepe ein tilfeldig person ei natt, men var såpass ressurssterk at han fekk langt fleire privilegium enn dei andre på galehuset.

Forteljinga om desse to er fantastisk. Livet til Minor er det mest spanande, men Winchester fortel òg mykje om det generelle arbeidet med ordboka. Det i seg sjølv er lærerikt, og det er fascinerande korleis Murray bruker heile livet sitt på dette arbeidet, men det er likevel Minor som er den fargerike i boka.

Guffen tilrår.

26. desember 2015

Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Den tredje filmen i Hobbiten-trilogien stadfestar vel inntrykket eg hadde etter dei to fyrste filmane: Det hadde gått heilt fint å samla denne historia i berre éin film, i staden for å laga ein trilogi. Filmen i midten fungerte greitt; denne var direkte veik.

Det heile opnar akkurat der film to slutta: Draken Smaug massakrerer ein by. Etter at draken vert drepen flyktar folket i byen mot fjellet dvergane har teke, og der samlar òg andre seg - ein alvehær, ein dverghær, ei eller to samlingar med orkar, trollmannen Gandalv, osb. Det meste av filmen handlar om slaget som utspelar seg, og som endar med at dei gode vinn. Kvar einaste scene verkar som noko me har sett før. Eg trur eg duppa av nokre minutt midt i filmen, utan at eg er redd for at eg gjekk glipp av noko. Så sluttar det heile med at hobbiten Bilbo kjem tilbake til heimen sin, der det, i alle fall jamført med den store verda utanfor, er berre velstand og harmoni.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)

Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Eg les mange bøker om eller av musikarar, og nemner ofte at forfattarane legg altfor stor vekt på oppvekståra. Det er ikkje der dei gode historiene ligg, og ofte er det ikkje meir enn ein altfor detaljert gjennomgang av slektshistorie og familiemedlemmar og skulegang og lærarar og slikt. Og så kjem denne boka - som berre handlar om tida fram til Neil Young reiser frå Winnipeg som tjueåring. Boka er eit blinkskot.

Me følgjer Young frå skule til skule, frå skuleår til skuleår. Far hans var journalist, og familien flytta fleire gonger. Young vaks altså opp fleire stader i Canada, både i små og store byar, og gjekk sjølvsagt på fleire ulike skular. Det vart ikkje betre av at han fekk polio, og var fleire månader i det varmare Florida nokre år, til han vart sterkare. Han var skuleflink, i alle fall så lenge han tok skulen på alvor, men var heilt uinteressert i å driva med sport. Det som gjorde han litt populær var at faren etter kvart vart ein landskjent sportsjournalist, og at han fann glede i musikken.

I Winnipeg, der han budde dei siste tenåra, gjorde han stor suksess som gitarist og seinare vokalist i bandet The Squires. Gradvis merka han at han var langt meir ambisiøs enn dei andre, og han tek rolla som bandleiar alvorleg - må nokon ut av bandet, sparkar han dei. Det er ikkje noko liv i velstand, men han greier seg. Etter at foreldra skilde seg budde han hjå mora, men han bad ofte faren, som budde i Toronto, om hjelp med pengar. Det fekk han ikkje alltid, faren var lenge skuffa over at Young nedprioriterte skulen.

Wilson fortel alt dette og meir til på ein glimrande måte. Av og til vert ho for detaljert, til dømes når ho snakkar om gitarar og forsterkarar som vart brukte av andre musikarar i byen, men stort sett var dette vel verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)

20. desember 2015

Catch Me If You Can (2002)

Ein film eg kjem til å sjå fleire gonger? Neppe. Ein heilt grei film frå sofakroken? Ja.

Filmen er basert på historia om Frank Abagnale jr., ein svindlar utan like. Han vaks opp i New York, og frå han var femten levde han godt på forfalsking av sjekkar og identifikasjonspapir. Han skal ha gitt seg ut for å vera pilot, advokat, dokter og sosiolog, og bløffa seg meir eller mindre gjennom livet. Han vart til slutt arrestert, men fekk eit godt forhold til FBI-agenten som heile tida låg eit lite steg bak han. Etter at han kom ut hjelpte han både FBI og andre med tips om korleis falsknarar arbeidde. Dette fortel han om i ein sjølvbiografi. Problemet med den boka skal vera at mykje av det som står der er reint oppspinn - han er altså ein så notorisk svindlar at han til og med bløffar i sjølvbiografien sin.

Filmen er heilt grei. Det er godt skodespel, ei god historie og eit godt komponert manus.

Guffen tilrår.

19. desember 2015

John Steinbeck: The Wayward Bus (1947)

Det var vel ikkje den mest solide Steinbeck-romanen, dette. Juan Chicoy lever dels av ein liten verkstad/kafé han driv saman med kona, og dels av å køyra buss, Ei lita og brokete forsamling reisande kjem med den gjennomgåande Greyhound-bussen, og Juan skal køyra dei vidare langs ein sideveg. Det er mykje regn, og dei må ta ein dårleg sideveg for å koma forbi ei stor elv. Bussen køyrer seg fast, Juan går for å henta hjelp, og boka sluttar med at han kjem tilbake og får bussen laus sjølv.

Det er ikkje bussturen som er det viktige i boka. Alle på bussen har eller har hatt draumar om noko heilt anna. Nokre er godt kjende frå før, men vert uvener på turen. Nokre vert betre kjende. Nokre trur at dei vert betre kjende. Nokre skjønar alt som skjer, andre skjønar nesten ingenting. Ei ung kvinne er så attraktiv at alle mennene som vil verta kjend med ho er ei plage; ei anna er så normal at det er ei plage at ingen menn vil verta kjend med ho. Nokre har ein drøymetur, andre skriv imaginære brev der dei fortel om kor keisam turen er.

Og det tek aldri heilt av. Det vert ein roman på det jamne, der ein godt kan beundra handverket til Steinbeck, men der det likevel ikkje vert den heilt store leseopplevinga.

Guffen er lunken.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

Punx (2015)

Ein fjernsynsserie i fire delar om norsk punkhistorie. Det burde fenga meg stort, men eg sit vel att med ei kjensle av at ting kunne vore gjort betre.

Det positive fyrst: Her er enormt mykje bra musikk, og her er mange fjernsynsopptak eg for lenge sidan hadde gløymt, eller aldri hadde sett før. Musikk og intervju med dei tidlege banda, konsertopptak med nyare band - her er mykje som svingar. Det var stas å høyra att band frå Blitz-miljøet i åttiåra, og det var òg stas med musikk av nyare band eg knapt kjenner. Thomas Robsahm, som har laga serien, har intervjua ei lang rekkje av dei sentrale personane, og det er alltid ei god presentasjonsform.

Den store innvendinga går på utvalet Robsahm har gjort, både når det gjeld musikk, men òg litt på intervjuobjekt. Kvifor vert til dømes Jo Nesbø intervjua? Og kvifor vert det gjort så stort nummer av band som ikkje spelte punk, men som anten var sett saman av medlemmar frå tidlegare punkeband, eller som var ein del av det same miljøet? Dei fire middelmådige banda som vert kalla "dei fire store" får alle bra med plass her, men ingen av dei var jo punkeband. Det hadde vore langt meir interessant viss Robsahm hadde brukt meir tid på fanziner, eller på Blitz-miljøet, eller på reine punkeplateselskap, eller på fleire punkeband. Kanskje færre ville sett på serien, kanskje det ville vore vanskelegare å få NRK til å visa han, men eg trur det hadde vorte meir interessant. No vart det altfor mykje på altfor kort tid, og for folk som ikkje kjende denne kulturen frå før må det ha vore vanskeleg å hengja med.

Guffen er lunken.

14. desember 2015

Den store Motorpsychodagen (Trondheim, 12.12.15)

Rockheim opna i oktober ei utstilling om Motorpsycho, og det var ganske opplagt at eg måtte ta ein tur dit for å sjå den. Snedig nok reiste me til Trondheim akkurat den helga Motorpsycho spelte den årlege julekonserten sin, slik at det vart uvanleg mykje Motorpsycho denne dagen.

Utstillinga var svært bra. I eine enden av rommet var det bygd eit studiointeriør, inspirert av Athletic Sound i Fredrikstad. Motorpsycho har spelt inn fleire plater der, og spesielt innspelinga av Trust Us fekk mykje plass i utstillinga. Langs veggane var der montrar med mellom anna trofé, dagbøker, plater, originalteikningar til omslag, frå høgtalarar vart det konstant spelt musikk, og midt på golvet stod det som for meg var sjølve godbiten: Fire skjermar med det same innhaldet: 69 filmar med nye intervju. Eg såg alle saman, og koste meg heile tida.

Intervjua krinsa rundt åtte album. LobotomizerDemon BoxThe TusslerTrust UsLet Them Eat CakeBlack Hole/Blank CanvasHeavy Metal Fruit og The Death Defying Unicorn. Intervjua handla sjølvsagt også om andre plater, men alle desse platene bar med seg ei eller anna form for endring, slik at det var gjort eit godt utval. Her var debutplata, gjennombrotet, det fyrste avviket, den fyrste popplata, den fyrste utan Gebhardet, den fyrste med Kapstad og den fyrste rockeoperaen, pluss altså Trust Us. Eg trur Kai Andersen i Athletic Sound var den einaste ikkje-medlemmen som vart intervjua, kanskje med unntak av nokre arkivklipp. Det var mest nye intervju, der dei fortalde fritt frå si eiga historie.

Det var uvanleg interessant, i farten nemner eg berre dei to sekvensane som gjorde mest inntrykk: Bent Sæther fortalde om då den fyrste trommeslagaren, Kjell Runar Jenssen vart sparka frå bandet. Jensen var inspiratoren, det var han som introduserte Sæther for mykje av musikken som prega han, men han var ikkje god nok musikalsk. Sæther sa mellom anna at han venta med å presentera nokre nye songar for dei andre, av di han visste at Jenssen ikkje ville greia å spela dei slik Sæther ville. Seinare fortel Hans Magnus Ryan om fyrste gong dei to spelte saman med Kenneth Kapstad; dei spelte "Burn" av Deep Purple, og Ryan greier ikkje å stoppa å le når han fortel om korleis alt klaffa. Eg gjekk frå utstillinga etter fem timar, men viss eg brått skal til Trondheim ein gong til dei neste månadene, tek eg turen innom igjen.

Så var det konsert i kveldinga. Det er lenge sidan siste ordinære Motorpsycho-konsert, og dei opna med å seia at dei måtte spela seg varme. Dei fire opningsnummera var tidvis glimrande, og eg tenkte at dette vert ein finfin kveld. Det vart det ikkje, det var høgst ujamt. Etter desse fire songane kom ein fin versjon av "Little Lucid Moments", eit par andre songar, før nedturen kom. Thomas Henriksen, synthspelar mellom anna frå Sugarfoot, kom på scenen, og dei spelte tittelkuttet frå den komande LP-en, Here Be Monsters (som rett nok ikkje er med på LP-en). Det var uvanleg livlause greier, songen var altfor lang, hadde ein altfor lang og monoton intro, med tre synthar og ein trommeslagar. Så kom det eit par andre songar som òg engasjerte lite, og eg gjorde noko så uvanleg som å kjeda meg på ein Motorpsycho-konsert. Det tok seg stort opp på slutten, då dei henta fram tre framifrå songar frå nittiåra ("The Nerve Tattoo", "Nothing to Say" og sjølvaste "The Golden Core"), men feilfri var ikkje denne kvelden. Kanskje det kom av at dei var litt ute av trening, kanskje det rett og slett var ei dårleg komponert speleliste.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16

13. desember 2015

The Good, the Bad and the Ugly (1966)

Eg skulle ut på reis, og såg at eg ein gong hadde kjøpt ein boks med dei tre spaghettiwesternfilmane til Sergio Leone. Verdt bryet, tenkte eg, og tok med plata merka "disc one". Det viste seg at det var den siste filmen i trilogien, men så lenge dei er relativt frittståande er jo det greitt.

Han gode og han stygge tener pengar på at han gode liksomfangar han stygge, leverer han til ein sheriff, får løysepengane som er utlova, og befrir han stygge. Dei vert blanda inn i ei jakt på nokre pengar, der han onde prøver å koma før dei. Det er midt under den amerikanske borgarkrigen, og dei vert òg innblanda i eit slag - han gode og han stygge er like godt med på begge laga (om enn litt motvillig). Så vert det eit endeleg oppgjer mellom dei tre på gravstaden der pengane er nedgravde.

Det er ein stilfull film, med fabelaktig musikk. Det går roleg og seint, men er heile tida spanande, ikkje minst av di Leone bruker veldig mykje nærbilete. Me veit lite om kva som skjer utanfor biletet. Viss ein vil, kan ein trekkja poeng for at dei to er litt på lag vert fanga og kjem seg laus ei rekkje gonger. Men det vil ikkje eg.

Guffen tilrår.

12. desember 2015

The Decline of Western Civilization. Part three (1998)

Denne siste filmen i trilogien om musikalske undergrunnskulturar i Los Angeles vart visst berre vist på nokre filmfestivalar. Han fekk ikkje kinodistribusjon, uvisst (for meg) av kva grunn, og var heller ikkje tilgjengeleg på video eller DVD. Før han vart teken med då regissøren Penelope Spheeris samla dei tre filmane i ein boks i år.

Det er ein heilt grei film. Han er teken opp i 1996 og 1997, og no er Spheeris tilbake i punkmiljøet. Alle ho intervjuar her er heimlause (med eit unntak), alle drikk for mykje, så godt som alle har altfor mange tatoveringar, så godt som alle vaks opp i ustabile eller valdelege heimar, og så godt som alle har gitt opp. Fleire seier at dei reknar med at dei har drukke seg i hel om fem eller ti år, og sjølv om nokre av dei drøymer om ein jobb og eit stabilt liv, ser dei ikkje ut til å vera sterke nok til å greia det.

Så det er i grunnen ein trist film. Han som ikkje er heimlaus sit i rullestol, etter ei bilulukke der sjåføren hadde drukke for mykje. Filmen sluttar med at to-tre fortel om at ein av dei me har møtt i filmen har mist livet i ein brann, der han var for kanon til å merka at det brann rundt han, og i desse scenene verkar det som om det harde skalet deira mjuknar opp, at dei merkar at livet faktisk har noko for seg. Rett før rulletekstane får me òg høyra at ein av dei me har møtt er død, stukken ned av kjærasten sin, som me òg har møtt.

Guffen tilrår.

Resten av trilogien på kulturguffebloggen
Del 1, 1981
Del 2, 1988

10. desember 2015

Inger Bråtveit: Alice A4 (2015)

Dette er den tredje romanen til Inger Bråtveit. Det sikre, tidvis poetiske språket er til stades her òg. Og til liks med den førre romanen hennar, Siss og Unn, er denne romanen ei slags helsing til unge jenter i andre verk. Siss og Unn er namnet på dei to hovudpersonane i Is-slottet av Tarjei Vesaas; Alice refererer til Alice i eventyrland av Lewis Carroll.

Alice er ei ung jente (fjorten? femten?) som veks opp i Tyskland, saman med mor og syster. Ho møter ein mann på eit tivoli, og mykje av boka handlar om køyreturane deira. Kor gamal han er kjem aldri klart fram, men han verkar langt eldre enn ho, og i alle fall langt meir erfaren. Han er den som styrer både bilen og forholdet deira, og Alice godtek langt meir enn ho burde. Mora likar det dårleg, men ho har ikkje noko ho skulle ha sagt.

Tidvis er det ei glimrande bok, men det vert for ujamnt. Boka vert gåande litt på tomgang i midtpartiet, der det vert for mange repetisjonar. Likevel dukkar det heile tida opp avsnitt og setningar som er finfine, og som viser kor språkleg sterk Bråtveit er.

Guffen er lunken.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)

7. desember 2015

Truman Capote: The Early Stories of Truman Capote (2015)

Det er lett å vera skeptisk til utgjevingar som denne, spesielt dei som kjem etter at forfattaren er død. Er boka interessant for andre enn dei som kjem til å tena pengar på ho, og for dei som studerer akkurat denne forfattarskapen? I dette tilfellet er svaret ja, men ofte vil det vera slik at det var ein grunn til at arbeid hamna i skrivebordskuffa.

Her er fjorten noveller i denne boka. Manuskripta vart funne i arkivet til Capote. Dei var alle udaterte, men i eit etterord i boka vert det opplyst at dei ferskaste novellene vart skrivne mellom 1945 og 1947, altså før Capote fylte 23 år. Mange er skrivne før han fylte 20, og rundt halvparten vart publiserte i skuleavisa til Greenwich High School i Connecticut, der Capote var elev.

Det er ungdomsarbeid, men det er ungdomsarbeid som held høgt nivå. Språket er godt, ordforrådet imponerande, og stort sett er novellene godt oppbygde. Nokre av dei lir rett nok av at slutten anten vert for slapp, eller at Capote forklarar litt for mykje mot slutten, men dei fleste sit godt. Hovudpersonane er som regel folk som fell litt utanfor, og påfallande mange er jenter eller kvinner. At den unge Capote skriv godt om barn og unge er greitt, men det er meir overraskande at han så godt kan setja seg inn i korleis eldre kvinner har det.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)

Morten A. Strøksnes: Havboka (2015)

At ei bok av Morten Strøksnes er god er ikkje spesielt overraskande. Eg har tidlegare lese og likt fleire av bøkene hans, der han reiser til andre verdsdelar. Denne gongen reiser han til Skrova i Lofoten, men boka tek oss mykje lengre enn det.

Boka har ei oppbygging som kan minna om romanen Moby Dick. I den romanen fortel Herman Melville om kaptein Ahab si endelause jakt på den kvite kvalen Moby Dick, ei jakt som endar med at Ahab misser livet. Innimellom kapitla som fortel om kvaljakta kjem det lange og mange kapittel om kor lenge folk har jakta kval, korleis ein har gjort det, kva reiskap som vert brukt, osb. Den fulle tittelen på den boka er Moby Dick or The Whale, og også denne boka har ein eller-tittel: Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider. Strøksnes er altså på fleire fisketurar saman med Hugo Aasjord, som er busett på Skrova. Dei prøver med ulikt agn, dei prøver med ulike fiskeutstyr, dei snakkar med røynde fiskarar, og ser ut til å ha gjort det meste rett. Dei er ikkje like besette som Ahab, og ingen av dei misser livet.

Referata frå desse fisketurane kunne vore ei bok god nok, men her er så mykje meir. Enormt mykje meir. Strøksnes kjem på fire turar nordover. Det kjem mange dagar med dårleg ver, og desse dagane bruker Strøksnes til å lesa endå meir om havet. Han skriv om fiskar, om eldre forteljingar om dyr i havet, om ulukker, om det å leva ved kysten, om det å leva langt under havflata, osb. Det er ei formidlingsglede utan like, skrive av ein forfattar utan like.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

5. desember 2015

Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)

Jon Fosse seier han har slutta å skriva dramatikk. I dei åra han i hovudsak skreiv drama skreiv han òg romanar, og Morgon og kveld (2000) er ein av dei aller, aller beste romanane hans, kanskje den aller beste. Denne romanen har vorte dramatisert, og det var ei vellukka framsyning.

Romanen handlar om fiskaren Johannes. Me følgjer han på dei to sikraste dagane i livet hans - dagen han vert fødd, og dagen han døyr. Slik er det òg her, sjølvsagt. Anne Marit Jacobsen er den einaste skodespelaren på scena, og har ei rein forteljarrolle - ho fortel om desse dagane, og om korleis Johannes tenkte der og då. Nokre gonger les ho direkte frå ei bok, eit grep eg sleit med å sjå logikken bak, all den tid ho også er forteljar dei gongene ho legg frå seg boka.

Benedicte Maurseth er den andre som viser seg på scena, men ho held seg mest i bakgrunnen. Så mykje står og fell på Jacobsen. Ho gjer ein grei jobb, men eg sat att med ei kjensle av at andre kunne gjort dette minst like godt. Dels av di ho aldri briljerer, dels av di ho rett som det er bruker bokmålsord i staden for nynorskorda i manus. Alle andre som var involvert i stykket, medrekna scenograf og regissør, er frå Hardanger, så det burde la seg gjera å finna ein skodespelar frå Vestlandet, i alle fall, som kunne bera dette stykket betre.

Når det er sagt, var det likevel ein strålande kveld. Teksten er fabelaktig, der Johannes snakkar med bestevenen sin, Peter, med kona Erna, og der han, i dei setningane som gjorde sterkast inntrykk i boka, møter dottera Signe på vegen mellom husa deira. Både Peter og Erna er døde, og mot slutten, i nokre like gripande setningar, fortel Peter Johannes at han er sendt ut for å gjera overgangen lettare for Johannes, for å fortelja han kva som ventar han no.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)

29. november 2015

Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)

Det er for så vidt underhaldande greier, dette, sjølv om det fort kan verta i meste laget. Dei mange slosskampane mellom orkar og heltar er heller like, og sjølv om kulissane er fine og flotte og alt det der, vert det i meste laget av det òg. Det er altså del to av ein filmtrilogi, der alle filmane er basert på ein roman på under 300 sider.

Bilbo og dei 13 dvergane han reiser saman med er på veg til Einsamfjellet, som eingong tilhøyrde dvergane, men som no vert kontrollert av den enorme draken Smaug. På veg dit må dei gjennom Myrkskog, der dei vert tekne til fange av alvar. Dei greier å rømma, takka vera Bilbo. To av alvane følgjer seinare etter dverglaget til ein by like ved Einsamfjellet, der dei sloss med ein del orkar. Bilbo og dvergane kjem seg inn i Einsamfjellet, vekkjer den sovande draken, sloss med han, og gjer han så irritert at han finn ut at han vil angripa byen i staden.

Det er eit eventyr, altså. Og som eit eventyr fungerer det heilt greitt, utan at eg vert like fascinert som av Ringenes herre-filmane.

Guffen tilrår.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Marit Eikemo: Samtidsruinar (2008)

I denne boka reiser Marit Eikemo rundt til relativt nye bygningar som ikkje er i bruk meir. Ho held seg stort sett til reisemål i Noreg, men reiser òg til den norske kolonien i Spania, der ho finn den merkelegaste ruinen: Eit byggverk ho ikkje eingong skjønar kva er, eller skal vera - eit uferdig bygg av ein meisterarkitekt.

Det er ei bok med glimrande essay. Eikemo skriv om korleis ruinane har vore brukte, men skriv mykje meir enn det. Ho skriv om dei som arbeidde eller budde i bygningane, og det går ei kjensle av tap gjennom dei fleste essaya. Størst inntrykk gjorde stykket om kyrkjegarden ved Valen sjukehus i Sunnhordland, der det handlar mest om lobotomi. Og om overlegen som styrte det heile, og som bad om å verta gravlagd på kyrkjegarden pasientane hans vart send til.

Så det er mykje vemod i denne boka, men det er òg litt av kvart å smila av. Eikemo reiser til dømes til Ekofisk-feltet, der ho ser på den enorme Ekofisktanken. Dei fyrste åra vart olje frå Ekofisk mellombels lagra der, etter at det kom oljeleidningar til fastlandet vert ikkje tanken brukt meir. Men det er ingen planar om å hogga han opp, han skal få stå der til han søkk i havet. Inntil vidare er han heim for ein koloni selar.

Guffen tilrår.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)

Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

Denne boka har tre delar - ein historisk, ein der Sandberg intervjuar og/eller fortel om nokre utvalde fjellfolk, og ein del der ho skriv om eigne røynsler med fjellet. Det aller meste krinsar om den spissaste delen av Jotunheimen, og boka kunne godt fått tittelen Frykt og jubel i Hurrungane.

Dette er eit område det har vore skrive mykje om, og ei vinkling som har vore brukt ofte. Det som gjer denne boka ulik det meste av den andre litteraturen om Jotunheimen, eller Hurrungane, eller andre fjellområde i Noreg, er at Sandberg skriv mest om kvinnene. Ho hentar fram dei tidlege kvinnene i Jotunheimen, både dei mange namnlause som arbeidde der, og dei tidlegare tinderanglarane. Ho skriv t.d. godt om Therese Bertheau, der ho (gledeleg nok) nemner at Bertheau var på nikk med sjølvaste Ivar Aasen, noko som ofte vert underkommunisert.

Når ho intervjuar Astrid Drægni, som dreiv Turtagrø i ein manns... i ein kvinnealder, er det òg med det same kvinnelege blikket. Kva vart det forventa av ei kvinne på Turtagrø - var det noko anna enn det som vart forventa av ein mann?

I dei to fyrste delane av boka er språket litt stivt, med for mange korte setningar. Skrivestilen til Sandberg kjem meir til sin rett når ho skildrar korleis ho igjen vitjar Storen Skagastølstind. Ho er ikkje like tøff som før, ho er redd for at ho ikkje er i god nok form, men ho kjem seg opp, og den turskildringa er det høgt nivå over.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Helberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)

28. november 2015

Breaking Bad, sesong 5 (2012-13)

Det mest fantastiske med denne serien er at han berre vart betre og betre. Og med eit høgt nivå alt i opningssesongen seier det seg sjølv at dette var stas.

Kort resymé: Sesong fire slutta med at Walter White (og Jesse Pinkman, for så vidt) tok knekken på Gustavo Fring. I denne sesongen tek dei til på nytt, og verksemda går så det susar. Heilt til ein av assistentane deira tek livet av ein ung gut. Jesse kjenner at han ikkje vil meir, og etter kvart får han Walter med på det.

Sesongen kom i to delar, og den siste episoden i del ein har ein av desse cliffhangerane serien spesialiserer seg på: Både Jesse og Walter har slutta med meth-produksjon, og familien White er samla til familieselskap. Stemninga er så god at det nesten vert for mykje av det gode, heilt til svogeren hans, narkotikapolitimannen Hank Schrader, går på do, finn ei diktbok av Walt Whitman, og skjønar at Walter er den mystiske og mytiske Heiselberg.

Resten av sesongen er ei klappjakt mellom dei, der Walter viser nye sider ved seg sjølv. Han er framleis ekstremt kreativ, han legg gode planar for å få det som han vil, han er aldeles nådelaus, og i den siste scena mellom han og kona seier han det som det er: Han har ikkje gjort alt dette for familien, han har gjort det for seg sjølv. Han har likt livet som kriminell.

Så det var stas, dette òg. Det er høgst uvanleg at ein serie held eit så høgt nivå så lenge, og sjølv om eg ikkje har sett altfor mange fjernsynsseriar, har eg ikkje sett noko i nærleiken av dette. Den beste serien gjennom tidene, med andre ord. Og det dempar jo ikkje entusiasmen min at det heilt til sist, berre eit par minutt før det heile er over, dukkar opp ein Marx Brothers-referanse.

Guffen tilrår.

Meir Breaking Bad på kulturguffebloggen
Sesong 1, 2008
Sesong 2, 2009
Sesong 3, 2010
Sesong 4, 2011

26. november 2015

Arthur Miller: Death of a Salesman (1949)

Eit par gonger det siste året har eg henta fram att bøker eg las på engelsk grunnfag for altfor mange år sidan. Denne var ei av bøkene eg likte best då, og stykket fengar framleis.

Hovudpersonen i stykket, Willy Loman, syng på siste verset. Heile livet har han streva for å henga med i det amerikanske velstandskappløpet, han har lånt og lånt og kjøpt og kjøpt. No er han så godt som gjeldsfri, men samstundes er han òg så godt som jobbfri. Han får ikkje selt så mykje som i glansdagane (og han selde visst ikkje så ekstremt mykje då heller), og då han ber sjefen om ei anna stilling i firmaet, ei som ikkje fører med seg så mykje reising, får han like godt sparken. Dei to sønene hans, Biff og Happy, som han har hatt store voner til, greier heller ikkje å klatra på karrierestigen, så han kjenner seg meir og meir som ein tapar.

Stykket er ei fantastisk skildring av korleis det er å vera i eit samfunn der alt handlar om velstand, der dei økonomiske verdiane er dei viktigaste. Den eigentlege handlinga varer i eit døger, omtrent, frå Loman kjem heim frå den siste handelsreisa si, til han døyr i hagen utanfor huset, men her er hyppige flashbacks, der den eine etter den andre av familien vert avkledd, og der dei heile tida vert samanlikna med den meir suksessrike broren til Loman.

Guffen tilrår.

22. november 2015

Ragnar Hovland: Norske gleder (2002)

I teksten på baksida av denne boka står det at favorittgledene til Ragnar Hovland vert presenterte med "mykje humor og ein passe dose nostalgi". Eg opplevde boka motsett, altså at her er mykje nostalgi og ein passe dose humor. Her er ikkje så mykje å le høgt av, men her er likevel mykje å smila av. Og her er mykje nostalgi, i dei fleste tekstane skriv Hovland om ting han hugsar frå ungdomen.

Det finst sjølvsagt mange grunnar til at ein forfattar skriv ei bok, og ein skal sjølvsagt halda seg for god til å spekulera i kvifor ei bok vert skriven, og ein skal endå meir sjølvsagt vera varsam med å dra koplingar mellom liv og verk, men likevel: Denne boka kom året etter Ei vinterreise, der Hovland delvis fortel om sin eigen kreftsjukdom. Det kan vera ein samanheng mellom den sjukdomen og denne boka, her skriv han om ting han likar, om gode minne, og om ting som gjer livet verd å leva. Eller det kan vera at det ikkje er nokon samanheng.

Tekstane handlar om mykje rart. Det kan vera køyreturar på Autobahn, det kan vera leiker han hugsar frå barndomen, det kan vera jenter og forelsking, det kan vera musikk, det er litteratur, det er fiske, og det er mykje anna. Tekstane eg likte best handla begge om jol - den eine handla om det årlege ritualet i Hovland-familien - kvar natt til andre joledag samla alle dei fem syskena og mora seg rundt og eit bord for å spela seksmannsludo; eit spel som omtrent aldri tek slutt. Og den nest siste teksten handlar om korleis nye joletradisjonar kan vera meir meiningsfulle enn dei gamle. Eg tok meg i å tenkja at den teksten godt kunne ha avslutta heile boka, den siste teksten (om pannekaker) vart eit lite antiklimaks.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)

OK, det kan henda at det ikkje er så mykje nytt å læra om Paul McCartney, i alle fall ikkje for ein som har lese så pass mange intervju med mannen, og så mange bøker om The Beatles. Denne boka fungerer likevel godt, og var vel verdt bryet.

Premissane er greie: Du Noyer har intervjua McCartney jamleg frå 1979, og boka er sett saman av utdrag frå desse intervjua, både publiserte og upubliserte. Det er ikkje ei rein samtalebok, Du Noyer skriv introduksjonar til kvart kapittel, og skriv òg mykje av kapitla. Det meste er likevel reine McCartney-sitat.

Fyrste halvdel av boka handlar om karriera hans, der Wings og solokarriera får meir plass enn The Beatles. Det er eit godt grep; tida fram til 1970 vil vera den som er best kjend for dei som les denne boka. Den siste delen av boka er meir tematisk, der Du Noyer får McCartney til å snakka om musikk, om låtskriving, om medmusikantar, om Linda, om John, og om mykje meir.

Det er stort sett lesverdig, alt saman. McCartney er jo McCartney, på godt og vondt - han var der då det skjedde, og har mykje å fortelja. Men samstundes er han ikkje like sjarmerande og interessant som han sjølv ser ut til å tru. Og det hemmar òg boka litt når det viser seg at Du Noyer også har jobba mykje for McCartney, mellom anna med turnéprogram, og det kan forklara kvifor det meste av det McCartney har gjort får plusspoeng frå Du Noyer.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewishohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)

15. november 2015

Odd W. Surén: Usynlig for verden (2015)

Eg har skrive mykje fint om andre Surén-bøker eg har lese, og eg må visst gjera det igjen: Når Surén er i slag, og det er han verkeleg i denne boka, gjev han oss lesarar suverene opplevingar.

Usynlig for verden er ei samling tekstar, han kallar det monologar og noveller, som heng saman. I siste del av boka er der ein gjennomgåande eg-person (eller du-person), ein mann som bur i ei vestlandsbygd, der han er vorten forfattar av di han ikkje kunne brukast til anna. Han siglar under falskt flagg, han gjev ut bøker under pseudonym, han bruker andre namn enn sitt eige også i andre samanhengar, og er veldig oppteken av kva naboane trur om han. Slik sett kan han minna om andre Surén har skrive om før.

Her er mykje å smila av, og her er òg mykje å le høgt av. Mest komisk er novella "I embeds medfør", der eit eldre par får besøk av ein son som arbeider som pengeinnkrevjar, og som no er komen for å krevja inn noko gjeld foreldra ikkje har betalt. I den andre halvdelen av boka, der det altså handlar mykje om ein forfattar i ei vestlandsbygd, er "Ingen forteller ham noe" eit høgdepunkt, sjølv om det der er like mykje alvor som skjemt. Men heile vegen, gjennom absolutt alle tekstane, er der setningar og avsnitt å gle seg over. Den lange sluttnovella, "Synlig", treng litt tid på å koma i gang, men den siste delen der er òg glimrande.

Så dette var eit høgdepunkt, i ein bokhaust der det har vore mange gode bøker.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)

14. november 2015

Julie Hamill: 15 Minutes With You (2015)

Det verkar jo som ein god idé. Ein forfattar intervjuar tjuefem personar som alle har eit forhold til ein og same person, og saman kan dei tjuefem intervjua forma eit bilete av personen dei snakkar om. Men det ordnar seg ikkje av seg sjølv - det stiller store krav til dei det vert snakka med, og det stiller store krav til intervjuaren. Og det er her det går heilt gale i denne boka. Spørsmåla vert for dårlege, og mange av samtalane går heilt på sida av det boka burde handla om.

Boka handlar om Morrissey. Hamill, som har vore fan av både The Smiths og Morrissey sidan 1983, snakkar med musikarar som har spelt med Morrisey, teknikarar som har arbeidd med han, og folk som likar musikken hans. Intervjua med dei som har arbeidd med Morrissey er dei mest interessante, men også her bommar Hamill - ho bruker altfor mykje plass på å snakka om kva desse har drive med i andre samanhengar. Eit avsnitt eller to ville vore heilt greitt; tre sider eller fire vert altfor mykje.

Og den feilvinklinga vert endå tydelegare når ho intervjuar fansen. I desse intervjua burde ho heller spurt om samhaldet mellom fans, og meir om kor viktig musikk kan vera for folk, til alle tidspunkt i livet. I staden handlar om det om livet og arbeidet til folk som er totalt uinteressante. Og alle intervjua har òg med ei rekkje spørsmål om favorittar - kva er favoritt-isen din? Kva pizza likar du best? Kva var favorittleika di då du var liten? Hamill fortel at dette er meint som ein referanse til eit turnéprogram The Smiths laga i 1985, men det vert diverre ikkje spesielt meir meiningsfylt av den grunn.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Morrissey: Autobiography (2013)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

8. november 2015

Mad Men, sesong 7 (2014-15)

Tre-fire episodar før slutt vert SC&P lagt ned, og dei fleste av dei tilsette får jobb i eigarselskapet McCann. Don Draper er ein av dei, han er truleg den McCann er mest interessert i, men då han ser korleis McCann arbeider, der det møter opp femten personar for å ha møte med klientane, skjønar han at dette ikkje er plassen for han. Han forlet både møtet og firmaet, utan å seia frå til nokon kvifor han går, hentar bilen, pakkar nokre småting i ein plastpose, og køyrer på måfå vestover i USA.

Denne køyringa utan mål og meining passar bra på heile sesongen. Det er berre trist å sjå korleis nivået har tapt seg. Dei fire fyrste sesongane var glimrande, og så har det berre vorte verre. I heile denne sesongen, som var den siste, er det svært lite å gle seg over. Ein god replikk her, nokre fine bilete der, og det er omtrent alt. Her kjem berre ei lang rekkje scener som ikkje engasjerer.

Det kanskje verste av alt er slutten. At Draper, som har levd under falsk namn i heile serien, søkjer etter noko ekte, er heilt greitt. Verre er det at fleire av dei andre sentrale karakterane i serien - Pete Campbell, Joan Harris og Peggy Olson - alle står på trappa til eit nytt liv. Det luktar at her kan det koma spinoff-seriar, og viss dei ligg på dette nivået er det noko fjernsynssjåarar bør sparast for.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)

7. november 2015

Jørn Stubberud: Dødsarkiv 1984-1998 (2015)

Det er travle tider for oss som både likar å høyra musikk, og å lesa om musikk. Berre den siste månaden har eg lese fire bøker om norske grupper; sist veke kom det ei pakke frå Amazon, der seks av sju bøker handla om musikk. Nokre av bøkene les eg av di eg vil lesa meir om band eg likar, andre gonger, som i dette tilfellet, handlar det om ei meir generell musikkinteresse.

For eg har verkeleg ikkje noko forhold til Mayhem. Eg har aldri vore på Mayhem-konsert, eg har ingen plater med dei, eg har knapt høyrt noko av musikken deira. Men eg har høyrt om dei, og veit at dei var ein av pionerane i den norske dødsmetallen. Og eg veit sjølvsagt òg at her finst både ein mordar, eit mordoffer og ein sjølvmordar blant dei tidlegare medlemmane.

Boka handlar om dei ti fyrste åra til bandet, og inkluderer altså både mordet og sjølvmordet. Det fyrste får ikkje mykje omtale, det står meir om det andre. Mest står det likevel om korleis bandet prøver å finna ut kven dei er, kva slags musikk dei skal spela, osb. Tekstane er enkle og ikkje spesielt velskrivne; bileta (som tek mest plass i boka) er ofte privatfoto av dårleg kvalitet, men dei viser korleis det visuelle ved bandet endrar seg på desse ti åra.

Det er ikkje den mest fascinerande boka eg har lese, dette, men her var ting av interesse likevel. Og ting eg kjende meg att i - Stubberud fortel til dømes mykje om utveksling av musikk via kassett og brev til folk over heile verda.

Guffen er lunken.

5. november 2015

Breaking Bad, sesong 4 (2011)

Den fjerde av fem sesongar, og det er alt opplagt at denne serien vert ståande som ein favoritt. Det er ekstremt velskrivne manus, serien er eit glitrande døme på korleis spaning skal byggjast opp. Sist sesong slutta med at det bygde seg opp mot eit oppgjer mellom Gustavo Fring på den eine sida, og dei to hovudpersonane i serien, Jesse Pinkman og Walter White på den andre.

Fring styrer meth-handelen med jarnhand, samstundes som han framstår som ei solid og sympatisk samfunnsstøtte. Han er ekspert på å spela folk opp mot kvarande, han har eit steinansikt som ikkje røper kjensler, og han går gjerne over lik for å få det som han vil. Og det går bra heile vegen, heilt til han møter Walter White. White har ikkje det same apparatet, han har slettes ikkje dei same røynslene med å spela med livet som innsats, men han er hylande intelligent, og kan koka opp planar som kan måla seg med planane til Fring. Måten han sigrar over Fring på er glitrande, til dels uventa, og viser ikkje berre kor god planleggjar han er, men òg at han vert stadig meir og meir herda. I den siste episoden tek han livet av to personar direkte og tre indirekte.

Den gjennomgåande historia er altså ein tvekamp mellom Fring og White. White jobbar lenge for Fring, og det er einaste grunnen til at Fring let han leva. Men her er framleis fascinerande bihistorier. White og kona Skyler kjøper ein bilvask for å kvitvaska pengane han tener på meth-kokinga si. Mange av personane er innom den rav galne advokaten Saul Goodman. Svogeren til White sit i rullestol i denne sesongen, men arbeider likevel nok til at han nesten finn ut korleis alt heng saman. Det gjer han ikkje, men sjølv om slutten på sesongen kunne vore ein grei slutt på heile serien, kjem det altså ein siste sesong, og det ligg vel an til at svogeren finn ut at White er i narkobransjen.

Guffen tilrår.

Meir Breaking Bad på kulturguffebloggen
Sesong 1, 2008
Sesong 2, 2009
Sesong 3, 2010
Sesong 5, 2012-13

3. november 2015

Sindre Kartvedt: DumDum Boys. En vill en (2015)

Wannskrækk - der har du eit glimrande band. Viss eg hugsar rett, såg eg dei fem gonger på trekvart år i 1984-85, og dei slo meg i bakken kvar gong. Enormt fengande, enormt energisk, enormt bra. Så skifta dei namn til DumDum Boys i 1985, og det tok ikkje lang tid før eg mista interessa. Det var ikkje like fengande, det var ikkje like energisk, og det var ikkje like bra. Eg såg dei live to-tre gonger, mellom anna på Roskilde i 1989 (ein konsert som i denne boka nærmast vert omtala som eit høgdepunkt i norsk rockehistorie), men har ingen plater med dei. Det eg høyrde andre stader var stort sett keisamt. Bandet såg ut til å trivast godt med stilen dei hadde funne; der var ikkje mykje endring å spora frå plate til plate.

Det inntrykket vert forsterka i denne boka. Kvar gong dei skulle i studio var det viktig å prøva eit nytt studio, slik at dei ikkje skulle stagnera heilt. Nye byar, etter kvart òg andre land. Der andre band ville leitt meir aktivt etter eit nytt musikalsk uttrykk, var det altså studioet som måtte endrast for DumDum Boys.

Kartvedt har intervjua alle i bandet, og ei rekkje personar rundt dei - kjærastar, produsentar, crew, osb. Bortsett frå eit føreord er heile boka sitat frå desse intervjua. Kartvedt kunne godt spandert på seg nokre utdjupande avsnitt her og der, for å setja ting i samanheng, og boka kunne godt hatt ein faktadel, til dømes med ein komplett diskografi. Men sett bort frå den innvendinga har han skapt ei svært underhaldande bok, i alle fall fram til, ja, nokre år inn i dette årtusenet. Alle snakkar fritt, både om seg sjølv og andre, og mange situasjonar vert sjølvsagt hugsa ulikt av dei som var med. Ein slik situasjon er sparkinga av bassist Persi Iveland i 1993, til dømes, der det slettes ikkje er semje om kva som skjedde. Usemjer som den gjer berre boka meir fargerik. Av og til vert bandmedlemmane litt for teite, dei snakkar mykje om bilulukker og nestenulukker, om vindfulle flyturar, om drikking og doping, og om liknande ting. Det var sikkert artig der og då; det er ikkje like artig å lesa om det.

Guffen tilrår.

29. oktober 2015

Helga Flatland: Vingebelastning (2015)

Andreas er ikkje heilt i balanse, men det er ikkje mykje om å gjera. Han slit med tvangstankar, han må av og til rekna litt for å roa seg ned, han har draumar, men manglar ambisjonar, og glir eigentleg halvnøgd gjennom livet, frå dag til dag. Heilt til han vert påkøyrt i eit gangfelt, og vert liggjande nokre dagar på sjukehuset. Der finn dei ut at han er deprimert. Han vert langtidssjukmeld, og vert stamkunde hjå ein psykolog. Det taklar han ikkje, han tek diagnosen han har fått på alvor, han les seg opp på internett, og vert dårlegare. Eine og åleine på grunn av diagnosen, og då raknar alt rundt han. Han misser dei få venene han har, han kjem på kant med familien, og sambuaren flyttar frå han.

Boka hoppar att og fram i tid, me får altså dels vita korleis Andreas har det no, og korleis han har hatt det før. Det er eit grep som fungerer godt, og det gjer i grunnen heile boka òg. Flatland skriv som vanleg godt, og ho viser stor innsikt i kva som rører seg inne i Andreas. Og boka kan godt lesast som ein kommentar til det norske samfunnet i dag, der diagnosane sit laust.

Guffen tilrår.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011)
Det finnes ingen helhet (2013)
En moderne familie (2017)

25. oktober 2015

The Decline of Western Civilization. Part II (1988)

Her er det langt meir å le av enn i film nummer ein i serien. I alle fall for meg. Den fyrste filmen handla om punkrockmiljøet i Los Angeles ved inngangen til 1980-åra; denne handlar i hovudsak om heavymetalmiljøet i Los Angeles ved utgangen av 1980-åra. Det spinkle musikkmiljøet eg var innom i 80-åra låg langt nærmare punk enn heavy, og det kan kanskje vera grunnen til at eg smiler meir her. Punkarane i del ein hadde eg mykje til felles med, mange av dei som vert portretterte her ville eg kvidd meg for å visa meg med offentleg.

Samstundes vonar eg at mange i heavymiljøet òg vil smila av dette. I alle fall det visuelle. Himmel og hav for nokre kostymer, og himmel av hav for nokre frisyrar. Her er enormt med hår, enormt. Hår og sminke, og det er langt mellom dei gongene det ser bra ut.

Penelope Spheeris har intervjua mange musikarar. Nokre er store stjerner, nokre har spelt i band i ti år og har innsett at dei neppe vert store stjerner, mange er relativt ferske, og i den siste gruppa er alle overtydde om at det snart er deira tur til å verta stjerner. Det er vanskeleg å seia kven som er dei mest fornuftige, dei aller fleste verkar rimeleg livsfjerne. Dei større stjernene er opptekne av å visa kor langt dei er komne - Paul Stanley i Kiss vert intervjua liggjande (fullt påkledd) i ei seng, saman med tre (like påkledde) fotomodellar som stryk han over kroppen. Vokalisten i Wasp viser òg fram velstanden, der han vert intervjua på ei luftmadrass i eit symjebasseng, men det intervjuet er kanskje det tristaste av dei alle. Han snakkar om korleis han er alkoholikar, og illustrerer det ved å tømma to heilflaske vodka over hovudet sitt, med munnen open. Alt dette medan mor hans sit ved bassengkanten og ser taust på.

Av dei halvstore stjernene er Poison dei som vert intervjua lengst. Her går Spinal Tap-alarmen, og vel så det. "If you buy a car and it's a great car, it looks great, it runs fast; it's great if you can handle the speed. If you can't handle the speed, you're gonna wreck. And I think it's the same thing with success". Eller "what happens is, the four of us look at the ... well, the three of us lokk to the other three .... the four of us look at the other three, one being an individual". Solide greier.

Guffen tilrår.

Resten av trilogien på kulturguffebloggen
Del 1, 1981
Del 3, 1998

23. oktober 2015

Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

Det kjem fleire og fleire bøker om norsk rock, og det er bra. Alle er ikkje like gode, men denne er ei av dei betre eg har lese. Sverre Knudsen var sentral i The Aller Værste!, som for meg er ei av dei tre største norske gruppene gjennom tidene. Dei var ikkje aktive spesielt lenge, dei kom saman i 1979, og la opp i 1982. Dei har hatt nokre reunions - eg såg dei i 1983, og til saman tre gonger på dei to turneane deira i 1990 og i 1999 (omtrent).

Tida med TAV! dekkjer berre litt av denne boka. Det er det alt fører fram mot, det er der Knudsen endeleg - ahem - finn seg sjølv, det er i året 1979 han får til det han drøymt om i fleire år. Boka tek til med oppveksten hans i Bærum, der han tidleg får sans for pop. Og rock. Lenge er han rastlaus, han reiser mykje, han skifter jobb ofte. Han får sett og gjort mykje, men han kjenner seg ikkje heime nokon stad. Han vil ha noko meir enn det skulekameratane kan gje han, men han får ikkje nok innpass i musikkmiljøa han gjerne vil inn i.

Punken kjem, og Knudsen vert hekta. Han reiser fleire gonger til London, og plukkar opp både stilfulle klede og smakfulle plater der. Han skriv litt om korleis han ergrar seg over at dei andre i TAV! ikkje har god nok stil, og at dei heller ikkje leitar så aktivt etter ny musikk som han gjer. For min del kunne han gjerne skrive meir om tida i bandet, han skriv om konfliktane som gjorde at alt braut saman, men der må vera mykje meir å henta der. Det står rett nok mykje i det lange og gode intervjuet Tore Renberg gjorde med Lasse Myrvold rett før Myrvold døydde, men det er plass til langt meir. Boka sluttar omtrent med at TAV! vert oppløyst, men ein stad kikar han litt lengre fram, og nemner i forbifarten at då han, Myrvold og Harald Øhrn danna gruppa The Beste, meinte Knudsen at bandet burde få namnet Dumdum Boys. Kjartan Kristiansen var òg med i The Beste, så her er det berre å leggja saman to og to.

Det er ei svært god og underhaldande bok, dette. Så får me heller leva med at han ikkje nemner den gongen TAV! skulle spela på Dalastovo, og eg og Helge såg Knudsen på gata i storfriminuttet. Me stoppa han, fekk autografen hans, og snakka med han i minst ein halvtime. Me lova å koma på konserten, sjølv om me begge visste at me var tre år for unge til å vera gamle nok, og at me difor ikkje kom til å våga å prøva.

Guffen tilrår.

Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
The Beste: En sang for åtte kroner ... (1985)
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)

Kjersti Rorgemoen: Håpet og festen (2015)

Eg-personen i denne boka er ei ung kvinne som ikkje heilt har kome i gang med livet. Ho bur framleis i eit hybelhus for studentar, sjølv om det er fleire år sidan ho var student. Ho arbeider på Fretex, med makulering, og det er vel ein litt annan jobb enn ho hadde drøymt om. Men ho går trufast på jobb, har få vener, likar korkje jul eller nyttår eller 17. mai, og sit generelt mykje åleine og tenkjer.

Så det kunne vore ei heller trist bok, men det er det jo ikkje. Kjersti Rorgemoen skriv glimrande, og me vert svært godt kjende med eg-personen. Og her er mykje å le av også denne gongen, som då eg-personen møter ein fetter, som "forklarte at han var med på eit større prosjekt. Eg spurde ikkje kva prosjektet var større enn". Eller "Eg sat i stresslessen for å gjere noko åndsførefallande arbeid".

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Purkene snudde seg (2009)

20. oktober 2015

Patti Smith: M Train (2015)

Ny memoarbok frå Patti Smith, ny fin leseoppleving. Ho fortel om samtidige opplevingar, men skriv òg mykje om ting ho har opplevd tidlegare, og ho referer mange av draumane sine.

Nokre ting går att. Ho drikk mykje kaffi. Ho reiser, og kjem heim att (til New York). Ho les. Ho skriv om lesing. Og ho skriv om ting. Små ting, små gåver ho har fått, eller små gåver ho skal gje til folk ho kjenner (eller til døde forfattarar ho set høgt). Dette er noko av det mest fascinerande med boka, korleis ho har god råd, og korleis ho bur i eit land der velstand er noko som skal vera synleg - og så er det altså desse små tinga som er viktigast for ho. Små steinar, små smykke. Og god kaffi.

Ho skriv om gode vener ho møter, men skriv òg mykje om dei ho har mist. Mest skriv ho om ektemannen Fred Smith, som døydde for over tjue år sidan, men ho skriv òg mykje og varmt om far sin.

Og det heile er uvanleg velskrive. Det er eit enkelt, men uvanleg vakkert språk. Ei flott bok.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)

18. oktober 2015

Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)

Motorpsycho er eit band som ser oftare framover enn bakover. Dei er det, men akkurat no for tida verkar det ikkje slik. Slottsfjellskonserten i sommar, der dei spelte heile Demon Box, var visst så artig at dei akkurat denne helga repeterer det tre gonger, på heimebane i Trondheim. (Og nei, eg kunne ikkje tenkt meg å vera der. Absolutt ikkje. Ikkje i det heile.) Dei konsertane går av stabelen på Rockheim, der dei fredag opna ei stor Motorpsycho-utstilling. Til den opninga kom det ut ei samleplate - deira fyrste - og denne boka kom òg ut.

Samleplate inneheld femten songar frå femten ulike album. I denne boka har femten personar fått tildelt ein av desse songane, og dei skriv om den songen (og som regel om albumet han er henta frå). Det kjem dei fleste godt frå, men ikkje alle.

Dei beste bidraga er dei som vert personlege. Dei som skriv om korleis dei oppdaga Motorpsycho, korleis nokon introduserte dei for Motorpsycho, og korleis nokre plater er viktigare for dei enn andre. Håkon Gebhardt, som var med i bandet i nesten femten år, skriv ein svært god tekst om den fyrste Motorpsycho-plata som kom etter at han var med. Var han interessert i plata? Eigentleg ikkje. Men var han interessert i plata? Sjølvsagt. Anne Lise Frøkedal og Hedvig Mollestad Thomassen har skrive dei to andre artiklane eg verkeleg merka meg, men der er fleire gode, sjølvsagt.

Men nokre bommar òg. Mange artiklar er livlause. Ein artikkel om "Vortex Surfer" går altfor langt i å prøva å forklara kva som skjer i songen. Det vert for teknisk, det vert for internt, det vert for kjedeleg. Den lengste artikkelen er skriven av Lars Ramslie, og handlar om "The Golden Core" frå Timothy's Monster. At den songen får ein lang artikkel er heilt greitt, det er jo uråd å laga ei liste over dei fem beste Motorpsycho-songane utan at den songen er med, men Ramslie har eit så ambisiøst prosjekt at eg fort dett av. Han prøver å visa at Timothy's Monster eigentleg handlar om religion, trur eg, og les ting inn i tekstane som aldri har slått meg. Det ville òg forbausa meg om bandet har tenkt i tråd med hypotesane til Ramslie, kanskje mest av di det på TM-boksen som kom for nokre år sidan er ein CD med den uutgitte fyrste versjonen av TM, der berre ti av tretten songar er med på den endelege versjonen, og der songane kjem i eit heilt anna rekkjefølgje. Artikkelen gav meg assosiasjonar til ein anekdote om Tarjei Vesaas - han var på eit seminar om sin eigen forfattarskap, og etter ein heftig debatt vart han beden om å seia noko om det han hadde høyrt. Han svara noko slikt som at han sit og lyttar, han - underforstått var det mykje nytt for han òg.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16