9. februar 2015

Sauen Shaun (2015)

Sauen Shaun er kvalitet. I alle fall sidan 2005 (som var det året eg vart Barne-TV-sjåar igjen) har det vorte laga ei rekkje korte filmar. Dei fleste er vellukka, nokre av dei er til og med ekstremt vellukka. Dei er morosame, og har gjerne vitsar som går dei små hus forbi, men som dei vaksne får med seg. All humoren er visuell; der er ingen replikkar. Handlinga er lagt til ein gard, og hovudpersonane er bonden, hunden Bitzer, nokre grisar, ei and, ein okse, og ein saueflokk, der den mest oppvakte er Shaun.

No prøver dei seg i ein langfilm, og den filmen står med glans. Kort fortalt vil dei ha ein fridag, så dei lurer bonden til å sovna, og ber han inn i ei campingvogn. Vogna trillar av seg sjølv heilt inn til ein stor by, og Shaun (og alle dei andre sauene, viser det seg) reiser til byen for å få han attende.

Heller ikkje i filmen er det replikkar, anna enn grynting og uforståelege ord. Det er imponerande at det held heile filmen gjennom, og like imponerande er det at vitsane er så gode. Det boblar over av kreativitet, det er noko å smila eller le av omtrent heile tida, og det er for ein gongs skuld ein barnefilm eg gler meg til at kjem på DVD. Ungane i huset vert ikkje dei einaste som vil sjå denne fleire gonger.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Farmageddon (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar