30. mars 2015

Apollo 13 (1995)

Dette er eit godt døme på korleis ei historie der alle veit kva som skjer kan fungera som film. Det er òg eit godt døme på korleis nokre filmar skal ha nokre faste element.

Det siste fyrst, etter eit kort resyme. Tre astronautar skal til månen; alle er røynde, og har lengta etter dette i årevis. Ein av dei kan vera smitta av raude hundar, og vert erstatta av ein yngre astronaut. Halvveges til månen går noko gale, og planane for turen vert endra: No handlar det om å få romskipet trygt attende til jorda. I kontrollsenteret i Houston, og i romskipet, arbeider alle på spreng for å få alt til å fungera, og det går godt.

Ikkje uventa er dei to andre skeptiske til vikaren. Han slit litt i den korte treninga før avreise, og det er han som trykkjer på knappen som gjer at romskipet vert øydelagd. Det er ikkje hans feil, men halvveges attende til jorda, når mangelen på oksygen og mangelen på svevn gjer at dei tre misser kontrollen, skuldar ein av dei andre han for å ha gjort ein feil. Det er ikkje noko bombe at det er han som litt seinare utfører kommandoane frå Houston, og at han får eit beundrande "takk" frå han som tidlegare skulda han for å gjera ein feil. Skurk vert helt, altså. Scenene frå kontrollrommet etter at dei tre har landa i havet er òg så fulle av klisjear som råd. Og scenene frå heimen til kapteinen, der heile slekta har samla seg, vert litt i overkant.

Men filmen er likevel god. Det er jo vanskeleg å tenkja seg noko meir klaustrofobisk - dei tre står altså i fare for å verta isolerte i eit romskip som ikkje kjem seg attende til jorda. Alle scenene frå inne i romskipet strekar under dette, der dei tre omtrent ikkje kan flytta seg utan å vera borti ein av dei andre.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar