1. mars 2015

Ray Bradbury: Fahrenheit 451 (1953)

Ein gong i framtida er det forbode med bøker. Brannmenn, som tidlegare sløkte brannar, har no éi einaste oppgåve - å brenna det som finst av bøker, og gjerne òg hus der bøker vert oppbevarte. Guy Montag er ein av desse brannmennene, men han spør seg oftare og oftare kvifor bøker er så farlege. Han stel bøker med seg heim, og då det vert kjent, får han i oppgåve å brenna sitt eige hus. Han gjer det, men drep òg brannsjefen. Han greier å røma, heldigvis rett før det kjem ein krig som utslettar heile byen han budde i. Utanfor byen treffer han nokre menn som har lært bøker utanåt, og som på den måten tek vare på bøker som er oppbrende. Dei er del av eit stort nettverk, slik at dei på (lang) sikt kan skriva ned alle dei brende bøkene, og gje dei nytt liv.

I ein slik situasjon måtte det ha vore forferdeleg for den stakkaren som måtte læra denne boka utanåt. Boka er på rundt 200 sider, og hadde ho vore lengre hadde eg neppe fullført ho. Språket er hjelpelaust, fullt av metaforar og uttrykk som ikkje gjev meining i det heile. Det heile går tregt, forferdeleg tregt, og det er noko av det mest keisame eg har lese.

Bokbrenning var jo eit aktuelt tema då boka kom ut. Den andre verdskrigen var over åtte år tidlegare; USA var på veg inn i McCarthy-perioden.Og det er framleis eit aktuelt tema, i alle fall i delar av verda (og, for nokre år sidan, i Bergen Unge Høgre), men å skriva om eit aktuelt tema er ikkje nok til at ein roman vert god. Sjølvsagt ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar