22. juli 2015

As Good as It Gets (1997)

Denne filmen opnar rett så underhaldande, men tapar seg heile vegen. Og sidan filmen er bortimot to og ein halv time, vert det heller traurig mot slutten. Heldigvis er skodespelet eksemplarisk. Jack Nicholson spelar forfattaren Melvin Udall; Helen Hunt spelar kelneren Carol Connelly.

Udall er ein surdeig av dei sjeldne. Han har ei rekkje tvangstankar. Han mislikar dei fleste han møter, både naboar og andre, og kvir seg ikkje for å slengja med leppa. I opninga av filmen gjer han det heile tida, og då er det stas å sjå på. Kvar dag et han lunsj på restauranten der Connelly arbeider, og han er heilt avhengig av at ho serverer han. Ein dag er ho vekke, og han finn ut at det skuldast at ho er heime med den kronisk sjuke sonen sin. Parallelt med dette går naboen hans meir eller mindre konkurs, og det einaste han kan gjera er å be dei rike foreldra sine, som han ikkje har snakka med på fleire tiår, om hjelp. Han er ikkje i stand til å køyra bil sjølv, så Udall melder seg som sjåfør. Og han inviterer Connelly med på reisa.

Då har alt filmen tapt seg, og på denne turen er Udall ein heilt annan. Han vert forelska i Connelly, og der han før var ein lite sjarmerande surdeig, vert han no ein lite sjarmerande heilt vanleg mann. At dei får kvarandre til slutt engasjerer ikkje i det heile.

Men skodespelet er altså framifrå. Både Nicholson og Hunt strålar, begge to får godt fram at rollefigurane deira slit med mykje, samstundes som dei prøver å halda det skjult i delar filmen.

Guffen er lunken.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar