15. juli 2015

Richard Fariña: Been Down So Long It Looks Like Up to Me (1966)

Gnossos Pappadopoulis er ein drøymestudent. Han greier ikkje heilt å registrera seg for studiane, og bruker i staden tida på det han likar best - drikking, dop, damer, osb. Han har, av grunnar som ikkje kjem heilt klart fram, ei enorm samling sølvdollarar i ryggsekken sin, sølvdollarar som han raust deler med andre. Me er i USA i 60-åra, og han er med i dei motkulturane som finst, sjølv om han ikkje er altfor entusiastisk. Han vert likevel ein ufriviljug frontfigur ved universitetet sitt, etter at han har fått på trykk eit lesarbrev i studentavisa, der han lurer på kvifor styret ved skulen tviheld på ordninga med kjønnsdelte internat. Boka sluttar med at han held ein appell ved ein enorm demonstrasjon; den einaste grunnen til at han gjer det er at han har noko usnakka med ei anna av studentane, og som han får snakka med viss han held appellen.

Boka er langt, langt meir underhaldande enn det korte referatet over tyder på. Fariña var studiekamerat med (sjølvaste) Thomas Pynchon, og dei to vart nære vener. Då Fariña gifta seg var Pynchon forlovar. Skrivinga deira har mykje til felles, også hjå Fariña opnar mange setningar med -ing-former ("Approaching the arts quad ..."), her er mange komma, her er eit svært rikt ordforråd, her er mykje humor, her er ein fascinasjon for rusmiddel, her er bra med paranoia, sympatien ligg i motkulturane, osb. Heilt på høgd med Pynchon er ikkje denne romanen, men hadde han fått skrive fleire bøker enn denne debutromanen kunne også Fariña nådd verkeleg høgt. Slik gjekk det ikkje - han døydde i ei motorsykkelulukke to dagar etter at boka kom ut.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar