31. august 2015

Cobain. Montage of Heck (2015)

Dette er den autoriserte versjonen, med alt det fører med seg. Filmskaparane har hatt tilgang til alt av familiefilmar, lydopptak, dagbøker, fotoalbum og alt det der, og det gjer jo at ein kjem endå nærare hovudpersonen i filmen. Samstundes er det altså den autoriserte versjonen. Har familien hatt behov for å pynta på noko? Kanskje. Det veit me jo ikkje.

Og filmen tek òg mykje av det Kurt Cobain (som altså var sentral i Nirvana) har fortalt om livet sitt for god fisk. Fleire av dei som kjende han seier at han justerte si eiga historie for å verka meir interessant, at han ikkje kvidde seg for å dikta opp ting. Minst éin av dei historiene går rett inn i denne filmen; eg las eit intervju med Buzz Osborne der han mellom anna fortel at sjølvmordsforsøket på ei jarnbaneline aldri skjedde. Så noko av filmen må ein ta med ei klype salt.

Men filmen har mykje bra. Her er intervju med foreldra, som begge innser at dei kunne vore langt betre foreldre då Cobain vaks opp. Mora legg likevel det meste av skulda på faren; faren ser at han kunne gjort mykje annleis. Set ein dei mange filmane frå barneåra opp mot den Cobain som vart kjendis mange år seinare, ser ein at han er ein heilt annan person - som barn var han glad og utadvend, som vaksen var han (oftast) det motsette. At skilsmissa til foreldra spelte inn er opplagt.

Og filmen har òg mykje bra musikk, sjølvsagt. Mange gode konsertopptak, mange bilete og intervju med eit band som kosar seg på veg til toppen. Og mange bilete og intervju av eit band som slettes ikkje trivst som a-kjendisar. Så kjem det òg mange bilete frå familien hans, altså kona Courtney Love og dottera Francis Bean, og desse er både rørande og triste. Han vert ekstremt knytt til dottera, men samstundes vert han òg meir og meir narkoman. Courtney (som ser heilt annleis ut utan sminke) vil ha Cobain med på tradisjonar og småbarnsforeldrerituale, utan at det går så veldig bra. På eittårsdagen til dottera går han etter at éin av dei mange presangane er opna. Og då dottera skal klippast for fyrste gong, vert Cobain henta for å halda dottera på fanget. Før klippinga kjem i gang, sovnar han.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar