29. august 2015

Craig Brown: På tomannshånd (2011)

Denne boka verka som ein god idé. Brown skildrar 101 møte mellom to personar. Kapitla heng i hop; viss person A møter person B i fyrste kapittel, møter person B person C i det neste, og så vidare. I det siste kapitlet møter person X person A igjen, slik at ringen er slutta.

Og boka opnar òg med eit møte som er fascinerande, eit møte som kunne endra verdshistoria. Britiske John Scott-Ellis er i Tyskland i 1931, og køyrer på ein mann som går ut i vegen utan å sjå om det er klart. Den mannen er Adolf Hitler, og han kjem frå påkøyringa utan mein. Kva om det hadde gått annleis?

Men det går fort nedover. Underhaldningsverdien vert mindre, og møta vert òg mindre viktige. Mange av kapitla fortel om møte som er heilt anonyme, som det ikkje er noko spesielt ved. Kanskje det er meir stas for britiske lesarar; her er ein klar overvekt av britiske personar som møter kvarandre, men det kan ikkje vera den einaste grunnen til at dette er ei tynn suppe.

Kva kunne gjort det betre? Fleire gonger tenkte eg at ein forfattar som Bill Bryson hadde takla dette langt betre. Han har det blikket som skal til for å finna dei gode møta, og for å skildra dei på ein spanande måte. Den norske utgåva kunne òg vore betre om ein hadde brukt litt meir tid og krefter på omsetjinga - makan til dårleg språk er det lenge sidan eg les.

Så er det òg litt irriterande at Brown i eit etterord gjer eit nummer av at her er 101 møte, at kvart møte vert skildra i 1001 ord, og at etterord og forfattarpresentasjon og den teksten der han forklarar alt dette har akkurat 101 ord. Omsetjaren har fornuftig nok sett vekk frå akkurat det, og viss Brown hadde rekna med orda i dei lange fotnotane hadde han òg sett vekk frå det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar