20. september 2015

Eternal Sunshine of the Spotless Mind (2004)

Manusa til Charlie Kaufman er så fantasifulle at der ikkje finst noko som liknar. Dei er òg så godt komponerte at ein ikkje bør ta blikket vekk frå skjermen - der kjem støtt referansar til andre scener i filmen, og historia hoppar gjerne att og fram i tid. Eller att og fram mellom røynd og fantasi, slik tilfellet er her.

Filmen opnar med at Joel Barish, ein litt forsiktig og sjenert kar, møter den meir sprudlande og fargerike Clementine Kruczynski. Dei vert kjærastar og sambuarar, men det går til pisis. Joel oppsøkjer Clementine på jobben hennar, men ho kjenner han ikkje att. Det viser seg at ho har fått Lacuna, eit selskap som kan hjelpa deg med å fjerna utvalde personar frå minnet ditt, til å tømma hjernen hennar for alle Joel-minna. Han vert fornærma, og vil gjera det same mot henne. Men midt i reinsinga angrar han, og store delar av filmen skjer i hovudet hans, der han får med seg Clementine på å rømma frå reinsinga til Lacuna. Dei greier å skapa nokre minne Lacuna ikkje kjenner til, og filmen sluttar med opninga - som altså vert eit møte mellom gamle kjende som ikkje kjenner kvarandre.

Det er ein fabelaktig film. Her er mykje å le av, her er mange suverene scenar, og eg koste meg stort sett heile vegen. Og eg sat og undra på korleis eg gjekk glipp av denne filmen då han kom - kanskje han ikkje vart sett opp i Volda?

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Being John Malkovich (1999)
Synecdoche, New York (2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar