13. september 2015

Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Eg likar Arne Garborg. For nokre år sidan las eg Skrifter i samling, og koste meg stort sett heile vegen - eg koste meg nok til at eg rett etterpå las (dei utgjevne delane av) dagbøkene hans, før eg las ein biografi Tor Obrestad skreiv. Den var ekstremt livlaus. Det er ikkje så uventa, men denne nye biografien er langt meir spanande.

Jan Inge Sørbø skriv både om livet og verket til Garborg. Han viser korleis livet heile tida inspirerer tekstane til Garborg, utan at bøkene derimot skal lesast som biografiske.

Nokre trådar vert dregne gjennom heile boka. Det grunnleggjande er tilhøvet til faren, som tok livet sitt då Garborg var rundt tjue år. Det er vanleg å sjå det sjølvmordet i lys av at Garborg, som var odelsgut, ikkje ville ta over garden. Garborg la sjølv opp til ei slik tolking. Sørbø kjøper ikkje denne direkte, han viser at bror til Garborg tok over gardsdrifta (rett nok på ein gard faren kjøpte etter at Garborg hadde sagt frå seg heimegarden på Garborg), og han viser korleis faren var involvert i ein alvorleg nabokrangel i tida før han tok livet sitt.

Gudstrua til faren spelte kanskje òg inn. Han var sterkt truande, så truande at det gjekk ut over dei daglege pliktene hans. Kor mykje dette hang saman med dei psykiske problema hans er ikkje godt å vita, men det spelte nok inn. Sørbø kjem ofte tilbake til dette, han snakkar om tilhøvet til "faren og Faderen", og desse linene møter kvarandre sterkast i den aldeles fabelaktige romanen Fred (1892). Sørbø omtalar Fred som den beste norske romanen frå 1800-talet; han kunne godt teke sterkare i, det er ikkje mange norske romanar som kan måla seg med den.

Ein annan gjennomgåande tråd er målstriden. Garborg var ikkje nokon folketalar, men som skrivande debattant var han suveren. Han var med på å dra i gang dei viktige avisene Fedraheimen og Den 17de Mai og tidsskriftet Syn og Segn, og skreiv mykje i alle.

Det er ein finfin biografi Sørbø har skrive. Han er ein innsiktsfull lesar, og han ser referansar mange ville oversett. Språket er godt, og eg reknar med at dei aller, aller fleste vil verta klokare av å lesa denne boka. Så får me heller leva med at forlaget burde kosta på seg ein runde til med korrektur, og ein ekstra runde for å sjekka at alle siterte bøker er med i litteraturlista.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)
Fire store (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar