4. oktober 2015

Odd W. Surén: Knuseverk (2003)

Den tredje boka i trilogien om Tommy Kristoffersen vart ein liten nedtur. Dei to fyrste bøkene var artige, med god flyt, men her stoppar det opp litt for ofte. Det kjem òg eit altfor langt parti der Kristoffersen drøftar terroråtaka mot USA i september 2001, både med seg sjølv og andre. Kvifor Surén bruker så mykje tid på dette er rart, kanskje han var for mykje prega av tida boka vart skriven i.

Kristoffersen arbeider framleis på det kommunale kulturkontoret. Han får nye naboar, ei frodig SV-kvinne og den nesten like frodige dotter hennar. Han vert invitert dit på jolekvelden, og overraskar både seg sjølv og lesaren ved å takka ja. Det er altså litt same mønster som i dei to føregåande bøkene, i den fyrste skal han i bryllaup, i det andre i eit klassejubileum. Denne gongen går alt langt betre, jolekvelden går over all forventning, og sjølv om boka har ei opa ending, er det ting som tyder på at åra utan dame er over for Kristoffersen.

Knuseverket i tittelen viser til eit verkeleg knuseverk i nabolaget hans; det knuser og bråkar heile tida. Samstundes har det ein parallell i Kristoffersen, som ser etter veike sider ved alle han kjenner, og knuser dei (i sitt eige sinn). Han er òg hard med seg sjølv, han er fullt klar over at han har mange sider, og kvir seg ikkje for å gjera dei synlege. Men då han og naboen går tur jolekvelden, litt for å lufta seg etter for mykje mat og drikke, går dei til knuseverket, der det naturleg nok ikkje er nokon som arbeider seint på jolekvelden. Knuseverket har stoppa; Kristoffersen har stoppa knusinga si. Det ligg harmoni i lufta.

Men det er ikkje sikkert at det er ein slik Kristoffersen me vil ha. Det var langt artigare å lesa om han når han var negativ og misnøgd, og det var òg langt meir å le av i dei to føregåande bøkene.

Guffen er lunken.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar