3. oktober 2015

The Decline of Western Civilization (1981)

Denne dokumentaren varierer enormt. Av og til er både musikken og intervjua glimrande, andre gonger er begge deler langt under middels. Det er ein film om punkemiljøet i Los Angeles rundt 1980. Nokre av banda som vert intervjua er kjende, som Black Flag (før Henry Rollins vart med) eller Germs (med Pat Smear, som seinare hadde ei birolle i Nirvana); andre er mindre kjende (som Catholic Discipline eller Alice Bag Band).

Det er altså omtrent år null, og det er kanskje dette som er mest fascinerande. Nokre kler seg annleis, nokre klipper seg annleis, nokre meiner det er greitt å gå med nazi-regalia, men mange gjer ingen av delane, og ser ut som dei like godt kunne spelt i danseband. Kontrasten er stor med det miljøet som seinare vart sterkt i Washington DC på austkysten - her er det drikking, doping og damer (som ikkje akkurat vert respektfullt omtalt), og det er mykje vald. Både visuelt og ideologisk ville dette vore heilt annleis berre nokre år seinare. Det som bind dei saman, ved sida av musikken, er at dei er misnøgde med samfunnet rundt dei.

Musikken? Det svingar mest av Black Flag. Nokre andre band er sånn halvgode; andre er slitsame.

Guffen tilrår.

Resten av trilogien på kulturguffebloggen
Del 2, 1988
Del 3, 1998

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar