17. januar 2016

Philadelphia (1993)

Philadelphia er USA sitt svar på Eidsvoll. Det var i den byen den amerikanske grunnlova vart underskriven 4. juli 1776, og denne filmen opnar med scener frå gatene i denne byen. Me ser Independence Hall (trur eg), der grunnlova vart underskriven, men me ser òg baksida av Amerika: Heimlause, kriminelle, og så bortetter.

Det er ikkje tilfeldig at filmen er lagt til denne byen. Det er ein av desse filmane som vil noko, og her handlar det om noko så grunnleggjande som respekt for andre menneske. Tom Hanks spelar den svært dugande advokaten Andrew Beckett, som er på veg opp i firmaet han arbeider for. Han får sparken, av di sjefane hans finn ut at han har aids. Beckett saksøkjer firmaet for usakleg oppseiing, og vinn saka kort tid før han dør.

Det er altså ein film som utfordrar haldningane folk flest har/hadde til homofili, og for så vidt til aids. Det er ikkje vanskeleg å tippa kva som kjem til å skje. Joe Miller, advokaten som fører saka for Beckett, er eigentleg skeptisk til å ta saka, på grunn av eigne fordomar mot homofile, men skiftar i løpet av filmen meining. Bodskapen i filmen vert i tydelegaste laget.

Og det er heilt greitt. Dette var ei av dei fyrste gongene Hollywood tok opp dette emnet, og med store skodespelarar i fleire av rollene var det ein film som nådde vidt. Både Hanks og Denzel Washington (som spelar Miller) er strålande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar