6. januar 2016

Will Eisner: The Contract With God Trilogy (2006)

Eg las langt oftare teikneseriar i gamle dagar. Ein av favorittane var Will Eisner. Serien hans eg likte best var A Contract With God, men eg har òg mykje godt å seia om Life on Another Planet og Spirit.

A Contract With God kom i 1978, og inneheld fire seriar der eit hus på Dropsie Avenue er fellesnemnaren. Det er fire flotte seriar, om samhald, om draumar og lengt, om tilhøvet til Gud, og om mykje meir. Ti år seinare kom A Life Force, som inneheld fleire og korte historier, og som hentar historiene frå det same huset. Trilogien vart avslutta med Dropsie Avenue (1995), der Eisner fortel historien til busetnaden i denne oppdikta gata og området rundt. I denne boka er dei tre bøkene samla, og det er stas heile vegen. Stas, stas, stas.

Eisner briljerer, både som teiknar og forteljar. Han var eit stykke opp i åra då bøkene vart laga, og han viser at han er teikneserieteiknar i den aller, aller øvste klassen. Sjå til dømes på måten teikningane på ei og same side ofte vert fletta inn i kvarandre. Sjå korleis han gradvis gjer oss meir innsikt i menneska han skriv om. Og sjå korleis han, i den siste, lange historia om Dropsie Avenue, gjer det heile til ein historie om USA. Ikkje om USA som verdsmakt, men om folket som kom dit, busette seg, og kjempa for å finna seg til rette der. Ei glimrande bok.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar