25. februar 2016

Birger Emanuelsen: Historien om et godt menneske (2015)

Thomas er ein journalist som juksar i faget sitt. Han diktar opp nokre sitat i eit intervju med ein forfattar. Forfattaren protesterer, og Thomas misser jobben. Han tek med seg sambuar og son og flyttar attende til heimbygda, ein stad på Sørlandet. Der møter han folk frå gamle dagar, både folk han vil treffa og folk han ikkje vil treffa. Denne forteljinga vert jamleg broten opp av kapittel som fortel om oppveksten til Thomas, og om ei forteljing om Nico, ein av barndomsvenane hans.

Gradvis kjem det fram at det ikkje berre er i journalistfaget han har vore litt for kreativ. Han har òg gjort det han kan for å skjula si eige fortid for sambuaren, og gjer difor det han kan for å unngå kontakt med minst éi av dei han vaks opp saman med. Det gode mennesket i tittelen trur eg peikar på den retusjerte versjonen av Thomas. Han vil gjerne vera eit godt menneske, men veit inst inne at det har han slettes ikkje vore.

Dette vert altså tydelegare og tydelegare utover i boka. Eg veit at eg ikkje er den fyrste som har tenkt eller nemnt dette, men likevel: Det å gradvis få fram at hovudpersonen, i dette tilfellet eg-personen, er ustabil, er gjort langt meir elegant av Carl Frode Tiller. Boka til Emanuelsen har fått til dels svært gode omtalar, men for meg var ikkje dette noko stor leseoppleving. Korkje historiene eller språket eller karakterane engasjerte meg noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar:

  1. Så synd denne ikke falt i smak, for det var en av mine favoritter i fjor :)

    SvarSlett