13. februar 2016

Bruce Thomas: Rough Notes (2015)

Det gjekk omtrent slik: Eg tinga boka til Elvis Costello på Amazon. Neste gong eg var innom tilrådde dei denne boka, og eg kjøpte den. Så las eg denne fyrst, og får altså med meg versjonen til Bruce Thomas når eg hentar fram Costello-boka.

Bruce Thomas var bassist i The Attractions, som var bandet til Costello frå 1977 til 1986. Det var tidvis eit glitrande orkester, som eg høyrde mykje på då, og av og til høyrer på no òg. Det er velkjent at Costello var den som styrte det meste, og det er òg velkjent at han og Thomas kom på kant med kvarandre.

Det skriv Thomas mykje om. Costello er til stades i heile boka, i alle fall dei delane som handlar om tida etter 1977. Då hadde Thomas alt levd av musikken i fleire år, han var mellom anna på USA-turné i oppvarmingsbandet til Elton John. Han møtte mange musikarar, og fekk mellom anna tilbod om å verta med i Pink Floyd. Så møter han Costello. Costello vil ha eit band med folk som ikkje kan spela, men får i staden eit band med svært habile musikantar, der Costello sjølv (truleg) var den svakaste musikaren. Dei var ekstremt aktive, gav ofte ut plater, turnerte heile tida, og greidde å ikkje repetera seg sjølv.

Også her møter Thomas mange andre musikarar, og det kjennest som om det er det boka handlar om: Eg og alle superstjernene eg har helsa på. Det kjem anekdotar når han møter Michael Jackson i eit platestudio, når han ikkje kjenner igjen Bruce Springsteen, når han nesten vert invitert til Mull of Kintyre av Paul McCartney, og så bortetter. Dei fleste av anekdotane er ikkje meir enn det, dei er her for å visa at han har treft alle desse. Og då vert det keisamt etter kvart.

Brotet med Costello er framleis sårt. Elvis Costello and the Attractions vart tekne opp i den amerikanske Rock'n'Rolll hall of Fame rundt 2004, og Thomas møter opp. Då har han ikkje snakka med Costello på mange år, og dei får plass ved ulike bord. Dei står saman på scena, men det er omtrent alt. Thomas skriv at det er greitt for han, men det verkar ikkje slik. Mest av alt er dette eit bok om tapet Thomas opplevde då Costello fann seg ein annan bassist.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Elvis Costello: Unfaithful Music and Disappearing Ink (2015)
Elvis Costello (Grieghallen, Bergen, 1.3.2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar