20. februar 2016

What Happened, Miss Simone? (2015)

Her står ei plate av Nina Simone i hylla, ei samleplate med dei beste songane hennar. Eg kjende ikkje historia hennar, men denne filmen gjev eit greitt oversyn over livet hennar. Ho var fødd i North Carolina i 1933, og var ein ekstremt talentfull pianist. Den draumen ho bar på var å verta konsertpianist, men den draumen fall i grus då ho ikkje vart teken opp ved den prestisjefulle Juilliard School of Music i New York. Sjølv var ho overtydd om at hudfargen hennar var grunnen til at ho ikkje kom inn.

Rasismen i USA skulle farga livet hennar. Ho gjorde det godt som jazz-vokalist, og slo gjennom med "I Love You Porgy" mot slutten av 50-åra. Ho turnerte mykje, selde mange plater, og vart eit stort namn. Ho vart sentral i kampen for rettane til dei farga, var svært frittalande både på og utanfor scena. Ho miste mykje popularitet (hjå kvitingane) på grunn av dette, og tidleg i 70-åra rakna det meste for ho. Ho selde mindre plater, ho braut med familien, ho vart meir ustabil mentalt, og flytta like godt frå USA til Liberia. Seinare slo ho seg ned i Europa, og tok opp att musikkarriera, men var framleis så pass ustabil at ho var vanskeleg å samarbeida med.

Filmen engasjerer. Her er mange konsertopptak, kopla saman med intervju med dottera, med gitaristen ho samarbeidde med det meste av livet, og eldre intervju med Simone sjølv, og men mannen ho var gift med, som òg var manageren hennar. Han gjorde mykje godt for ho, men også mykje dårleg - han var til dømes svært valdeleg mot henne.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar