28. mai 2016

Michael Griesbach: The Innocent Killer (2014)

Eg var litt lunken i utgangspunktet her, eg tenkte at her er det ein eller annan som skal surfa på Making a Murderer-suksessen til Netflix. Men slik er det ikkje, denne boka kom i 2014, altså året før serien hadde premiere.

Det er (sjølvsagt) same historia som vert fortalt, men med litt andre tyngdepunkt. Denne boka har tre om lag jamlange delar - ein om justismordet i 1985-6, ein om frifinninga, og ein om mordet på Theresa Halbach. Viss eg hugsar rett vart ho drepen alt i episode to (av ti) i serien; her vert ho fyrste gong nemnd på side 191 (av 263).

Griesbach er advokat, og flytta til Manitowoc i Wisconsin i 1991. Han var ein av dei som sette Steven Avery fri i 2003. Han var ikkje direkte involvert i den seinare mordsaka, men fylgde godt med på det som skjedde. Han lever godt opp til prinsippet om at alle er uskuldige til det motsette er prova, og drøftar alle sider ved saka på ein nøktern og fin måte. Han er open for at andre enn Avery kan ha drepe Halbach, og ser det rare i at politiet ikkje fann bilnøklane hennar på rommet til Avery før sjette (eller sjuande?) gong dei leita, at det ikkje finst blodspor på rommet hans, og han ser det uheldige i at politiet, som av forsvarsadvokatane vart skulda for å ha planta prov fleire stader på eigedomen til Avery, sperra av heile eigedomen i fleire dagar.

Men etter kvart som rettssaka går framover vert han overtydd om at Avery verkeleg er mordaren. Det er det lett å vera samd med han i, sjølv om der er mykje som er uklart, som mellom anna det med nøklane og det med blodet.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Making a Murderer (2015)

Bonnie and Clyde (1967)

Bonnie Parker og Clyde Barrow vaks begge opp i Texas, og møtte kvarandre fyrste gong i 1930. Bonnie var då tjue år gamal, og hadde nyleg gått frå mannen ho gifta seg med fire år tidlegare. Den eitt år eldre Clyde hadde gått inn og ut av fengsel dei siste åra. Dei slo seg saman, køyrde frå by til by, rana bankar og butikkar, og kom ofte i skotvekslingar med politi og andre, saman med andre som slo seg saman med dei. Dei, altså gjengen, tok livet av minst ti personar, og dei to hovudpersonane vart drepne i 1934, då seks politimenn låg i dekning og venta på at bilen deira passerte. Dei to skal ha vorte skotne minst femti gonger kvar.

Så pass ivrige bandittar har lett for å verta legendariske, og det er ikkje vanskeleg å skjøna at det var freistande å laga ein film om dei. Det som derimot er vanskeleg å skjøna er at filmen er så livlaus og lite engasjerande. Dei to plukkar fyrst opp ein ung og enkel kar, seinare tek dei med seg bror til Clyde, som kjem på besøk saman med kona si. Mellom dei to kvinnene er det dårleg stemning, og det er meir liv i scenene der dei to kranglar enn i scenene der bandittgjengen er i skotveksling med politiet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Alice Munro: Dear Life (2012)

Dette er så langt den siste boka med nye noveller frå Alice Munro. Eg kan godt håpa på fleire samlingar, men ho rundar 85 i år, så det kan henda at ho har gjeve seg med skrivinga, kva veit eg. Dei fire siste novellene, eller tekstane, i denne boka hintar om at ho ser på dette som ei avskilsbok. Før dei fire tekstane kjem det ei kort melding til lesaren: Munro skriv at dei fire tekstane som no kjem eigentleg ikkje er stories. Dei høyrer saman, og vert omtalte som tilnærma sjølvbiografiske. "I believe they are the first and last - and the closest - things I have to say about my own life". Dei fire stykka er annleis enn resten av boka, men ikkje så annleis. Utan den innleiande kommentaren kunne dei godt passert som aldeles oppdikta noveller.

Og både dei og dei andre novellene i boka er jamt over vellukka. I fjorten dagar las eg éi (eller to) noveller før eg gjekk til sengs, og det var ein god måte å avslutta dagen på. Novellene krinsar gjerne rundt eit vendepunkt eller ei viktig handling i livet til hovudpersonen/-personane. Det er ikkje dei mest dramatiske handlingane, men dei er likevel viktige nok til at den knappe handlinga fengar. Og novellene er eksemplarisk oppbygde, og er (sjølvsagt) skrivne i eit sikkert språk.

Men dette var altså den ferskaste boka til Munro. Det er framleis stas å lesa bøkene hennar, så det er vel ikkje anna å gjera enn å spola tilbake til debutboka hennar, og gå gjennom heile bibliografien.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are (1978)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)

Garrison Keillor: The Keillor Reader (2014)

Dette er ei slags greatest hits-bok. Her er 44 forteljingar og småstykke i denne boka, som viser spennet i forfattarskapen til Keillor. Det er ujamnt - av og til er det livlaust og kjedeleg, andre gonger svingar det.

Den fyrste delen av boka er den beste. Her kjem det tekstar om livet i småbyen Lake Wobegon (og liknande småbyar) i det norske Amerika. Her er det mykje å le av, både i sjølve historiene og i språket. Gode replikkar, gode situasjonar, og dette er den suverent beste delen av boka. Dei to neste delane av boka, der han skriv om samtidige og eldre personar, er mindre vellukka. Det er ikkje mykje som er så lite morosamt som tekstar som er skrivne for å vera morosame, men som ikkje er det. Her skriv Keillor gjerne oppdikta historier om verkelege menn, men det vert aldri meir enn middels vellukka.

Avslutningsdelen er betre. Der skriv han biografisk, sikkert med mange atterhald, men likevel om eige liv, og om dei som har stått han nær. Her er det heller ikkje så mykje å le av, men desse tekstane er ikkje skrivne primært for å få folk til å le. Her er det meir varme, og fleire av tekstane er verkeleg gode.

Så boka stadfesta eigentleg inntrykket eg hadde frå før. Eg har lese mykje av det Keillor har skrive, men har stort sett kost meg mest i tekstane frå det norske Amerika.

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Lake Wobegon Days (1985)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Life among the Lutherans (2009)

16. mai 2016

Hans Herbjørnsrud: Vannbæreren (1984)

Dei siste åra har det stått fire bøker av Herbjørnsrud i bokhylla og kika på meg kvar gong eg tuslar forbi. Omsider las eg éi av dei, og det vart fort klart at eg burde ha gjort det for lenge sidan. Dette var stas, og det vert nok ikkje lenge til neste bok.

I denne boka, som er den andre boka og den andre novellesamlinga til Herbjørnsrud, er det fire noveller. Fleire motiv går att, og det verkar som om dei er i slekt med kvarandre. I tittelnovella, som òg er inspirasjonen bak omslagsbiletet, bur hovudpersonen ei tid på ein enkel husmannsplass, for å skriva. Han får besøk av ein bygdebokforfattar, som det viser seg har budd i stova før, og som lynet har brent inn eit bilete av i ei av vindusrutene. I minst to av dei tre andre novellene er hovudpersonen på eit tidspunkt oppteken av sitt eige spegelbilete. Også i den siste novella i boka er hovudpersonen forfattar; her skriv han om ein tvillingbror som har mist livet.

Novellene er finfine. Herbjørnsrud skriv godt, i eit poetisk språk som av og til skildrar eit draumelandskap, og som av og til er utprega realistisk. Og dette er altså den andre boka hans; det eg har lese om Herbjørnsrud tyder på at han vert endå betre utetter i forfattarskapen sin. Eg gler meg alt.

Guffen tilrår.

15. mai 2016

Nic Pizzolatto: Galveston (2010)

Hovudpersonen i denne romanen, Roy Cady, lever av å krevja inn gjeld i New Orleans. Nokre gonger går dette greitt, andre gonger må han bruka vald. Han vert lurt i ei felle av sjefen sin, og rømmer til Texas saman med den langt yngre jenta Rocky, som nett har teke til på ei karriere som prostituert. Saman med den tre år gamle systera til Rocky reiser dei til Galveston i Texas, i von om at sjefen til Cady ikkje skal finna dei. Han slit med å forlata dei to, og prøver å pressa gamlesjefen for pengar, slik at dei kan vera sjølvhjelpne ei stund, i alle fall. Det går ikkje heilt etter planen, for å seia det mildt. Cady overlever så vidt; det gjer ikkje Rocky.

Det er ei heilt grei bok, men ikkje så mykje meir enn det. Dei tre bur lenge på eit billig motell i Galveston. Personane me møter der er sånn halv-interessante, det er folk som sosialt sett er i slekt med Cady og Rocky. Mykje rus, lite pengar, knapt nok nokre draumar igjen.

Guffen er lunken.

14. mai 2016

Good Morning, Vietnam (1987)

Robin Williams spelar ein dj som kjem til Vietnam for radiostasjonen til dei amerikanske soldatane der. Han spelar moderne musikk, han spelar rollespel, han les opp nyhende han burde halde for seg sjølv, og programmet hans vert raskt svært populært. Blant soldatane, i alle fall - dei høgare oppe på rangstigen likar ikkje det han driv med. Filmen sluttar med at han vert sendt ut av landet.

Det er ein film som slit med å halda interessa oppe. Venar og fiendar i militærleiren vert etablert tidleg, og spesielt hovudfienden er svært dårleg teikna. Dj-en vert kjend med nokre innfødde, men også den delen av filmen byr på få overraskingar. Her viser det seg rett nok at den beste venen hans blant dei innfødde ikkje likar amerikanarar, men det er ikkje noko bombe når det skjer.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås (red.): Livet er æve, og evig er ordet (2016)


Norsk Ordbok er eit fantastisk verk. Arbeidet tok til i 1930, og det siste bandet vart lansert tidlegare i år. Ordboka kom i tolv band, og utgjevingsfrekvensen var ikkje lik heile tida. Frå 2002 fekk prosjektet større ressursar. Det året kom det fjerde bandet; 14 år seinare var det altså kome åtte band til. Ordboka dekkjer dialektar og det nynorske skriftspråket, og inneheld, viss eg hugsar rett i farten, meir enn 300 000 oppslagsord. Kva som skal skje med desse ordsamlingane var lenge uklart; til alt hell såg Universitetet i Bergen verdien av dette, og skal ta over det vidare arbeidet med ordboka og samlingane.

Dette festskriftet vart lansert samstundes med det tolvte bandet. Det inneheld, som festskrift flest, nokre artiklar som er svært interessante, medan andre ikkje treffer meg like godt. Best likte eg opningsartikkelen, om historia til ordboksprosjektet, og dei to påfølgjande artiklane, skrivne av sjølvaste Sigmund Skard og sjølvaste Alf Hellevik. Til lanseringa av dei fleste av banda, i alle fall dei som kom etter 2002, er skjønnlitterære forfattarar inviterte til å skriva ein prolog, og dei som er komne med her er òg fine. Eg var til stades på ei lansering der Kjartan Fløgstad framførte ein prolog - boka hadde tent på at også den var med, men eg går ut frå at han fekk tilbod om å vera med, han òg. Til slutt kjem det korte biografiar over rundt 85 personar som har vore med i arbeidet med ordboka, og desse er òg interessante.

[Så må eg berre nemna dette: Grunnen til at namnet mitt ikkje er med i helsingslista, kjem av at Samlaget rota vekk tinginga mi. I ein e-post beklagar ein av redaktørane av dette, og skriv mellom anna "Så utruleg dumt. Du som var fyrst ute av alle". Slik er det å vera ein føregangsmann.]

Guffen tilrår.

8. mai 2016

Thor Heyerdahl og Per Lillieström: Ingen grenser (1999)

Alle kjenner Thor Heyerdahl, men alle har sjølvsagt ikkje den same oppfatninga av han. For meg er han ein eventyrar, og på det feltet kan eg godt ha respekt for han. Det er ikkje alle som ville ha lagt ut på slike siglasar som han. Som forskar eller vitskapsmann eller akademikar, kall det kva du vil, er det verre å ha respekt for han. Slik var det før, og slik er det i alle fall etter å ha lese denne boka. Saman med ein nabo på Tenerife, den svenske kunstmålaren og (sjølvutnemnte?) kartologen Per Lillieström, har han sett seg føre å gje oss ny kunnskap om Odin, om det nordiske vikingsamfunnet, og om reisene til Vinland og alt det det førte med seg.

Grunnen til at eg plukka denne boka ut av bokhylla i ein leilegheit me lånte i Oslo, var den siste delen. Boka kom ut om lag då eg arbeidde med hovudfagsoppgåva mi, der eg var innom skapinga av ein norskamerikansk identitet. I det høvet var eg innom Kensingtonsteinen, og las mykje av det som er skrive om den. Det er uråd å konkludera med at runeinnskrifta på den steinen er falsk. Boka til Heyerdahl og Lillieström er lagt opp som ein samtale mellom dei to. Når dei snakkar om Kensingtonsteinen er det opplagt at dei anten ikkje har sett seg godt nok inn i bøkene dei viser til, eller at dei berre ser vekk frå det som ikkje passar inn i biletet dei ynskjer å skapa. Begge delar er like meiningslaust, sjølvsagt.

Biletet dei ynskjer å skapa er at vikingar frå Skandinavia var flinkare og meir siviliserte enn det vanlege inntrykket er. Det er òg problematisk, det er ikkje slik ein går inn i eit fagfelt. Konklusjonen må verta styrt av kjeldene; ein kan ikkje bruka kjeldene for å få det svaret ein vil. Og det seier seg jo sjølv. Når det som står om Kensingtonsteinen, og for så vidt om steintårnet Newport Tower og andre funn det vert hevda kan knytast til vikingar, er så til dei grader prega av dårleg lesing av og respekt for kjeldene, er det nærliggjande å tru at resten av boka er skrive på same viset. Og då vert jo boka heilt verdilaus - sjølv om det skulle vera eit fnugg av sanning i noko av det som vert skrive her, er skepsisen så stor at heile boka vert teken med ei stor klype salt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1. mai 2016

Jungelboken (2016)

Jungelboken er ein av dei klassiske teiknefilmane frå Disney. Den held absolutt mål, og var ein av dei fyrste filmane me kjøpte til ungane i huset. Dette er ein ny versjon, der det meste er endra: Mowgli vert spela av ein gut, men alle dyra er data-animerte. Mange av dyra, som tigeren Shere Khan, panteren Bagheera, bjørnen Baloo og ikkje minst apekongen Louie er mykje større her. Historia er òg litt annleis, denne filmen har mellom anna ein annan slutt. Og filmen er òg langt meir realistisk - dette er ein film ungar kan verta skremde av. To av dyra døyr òg, noko som var utenkjeleg i 1967-filmen.

Eg likte filmen godt. Mowgli er den svakaste av dei sentrale karakterane, guten som spelar Mowgli hadde ikkje dei grasiøse rørslene ein ventar å finna frå ein som har vakse opp i jungelen. Tvert imot - det minte meg om dei gongene me har vore til fjells med ungar som har vakse opp i byar. Dei andre er gode, og får òg meir å spela på. Baloo kvir seg til dømes ikkje for å gjera seg til løgnar for å få Mowgli til å hjelpa seg med innhausting av honning.

Guffen tilrår.

Cast Away (2000)

Ei relativt enkel handling: Chuck Noland arbeider for FedEx. Han er den einaste som overlever ein flystyrt i Stillehavet, og kjem seg i land på ei lita, aude øy. Han er ein pløsete kontorarbeidar, men er likevel kreativ og nevenyttig nok til at han greier å overleva på øya. Etter fire år som Robinson Crusoe går han over til å verta Thor Heyerdahl, byggjer ein enkel flåte og siglar til havs. Han vert redda, sjølvsagt i siste liten, og kjem heim som ein helt. Kjærasten hans har funne seg ein ny, er godt etablert med mann og barn, og Noland må difor starta heilt på nytt.

I langt over halve filmen er han på den aude øya. Her er ingen å snakka med, sjølvsagt, og skal ein slik film fungera stiller det store krav til skodespelaren. Tom Hanks, som spelar Noland, greier dette heilt fint. Der er litt dialog, han snakkar av og til med seg sjølv, og han snakkar òg mykje med ein volleyball han finn i ei av dei mange FedEx-pakkene som driv i land frå flyvraket.

Guffen tilrår.

Frank Rossavik: Blant republikanerne (2016)

Det republikanske partiet i USA vert ofte harsellert med i Noreg, og for så vidt i resten av Europa. Veljarane deira er altfor enkle, altfor patriotiske, altfor våpenglade og altfor fordomsfulle, osb. Dei er eitt av to store parti i USA, og er difor alltid ein maktfaktor, men greier likevel ikkje å få fram presidentar (og presidentkandidatar) resten av verda tek på alvor. I dei åra eg har vore vaksen nok til å følgja den amerikanske politikken har republikanarane hatt tre presidentar, Reagan, Bush og Bush, og dei har alle fått relativt hard medfart i norske media.

Utgangspunktet til Rossavik ser greitt ut: Han vil prøva å forstå partiet på deira premiss. Han snakkar med sentrale folk, og han oppsøkjer sentrale samlingspunkt. Det er ei krevjande oppgåve å leggja av seg det ein måtte ha av oppfatningar, men Rossavik kjem frå denne oppgåva med glans. Han vert ikkje eit talerøyr for partiet, og stiller sjølvsagt kritiske spørsmål til det han får høyra, men han gjer som han har sagt: Han let republikanarane få koma fram med sitt syn. Og han har endra synet sitt på partiet, skriv han, han forstår langt betre kvifor dei er så store.

Og det gjer me som lesarar òg. Det er lettare å sjå argumentasjonen og grunngjevinga bak haldningane deira etter å ha lese denne boka. Det er framleis (stort sett) vanskeleg å vera samd med dei, men eg forstår dei betre. Rundt 1990 møtte eg fleire unge amerikanarar som sa at dei hadde Reagan som politisk idol - då var det vanskeleg å skjøna korleis det var råd, men i eit av mange velskrivne kapittel viser Rossavik at det er ein logikk bak ei slik utsegn.

Guffen tilrår.

Meir Rossavik på kulturguffebloggen
En god story. En biografi om Kåre Valebrokk (2013)