13. juni 2016

Haruki Murakami: What I Talk About When I Talk About Running (2007)

Eg har ikkje lese noko av Murakami før. Det burde eg sikkert ha gjort, og eg burde sikkert ha lese noko av skjønnlitteraturen hans. Den er det mange som rosar. Denne boka her, derimot, var ikkje mykje å skriva heim om.

Murakami er oppteken av springing. Han prøver å jogga kvar dag, og minst ein gong i året spring han maraton. Han har òg sprunge nokre lengre løp, og han har prøvd seg i triathlon, men det er maraton han trivst best med. I denne boka skriv han om alt dette, om korleis han tok til med å springa, korleis han lærte kroppen å kjenna gjennom det, korleis han omtrent er avhengig av det i dag, korleis han merkar at han ikkje kan springa like fort meir (han var 59 år då boka kom ut), og han samanliknar jogginga med det å skriva. Det vert aldri spesielt interessant.

Eg ser jo at for dei som er levande opptekne av litteraturen hans vil ei bok som dette vera meir interessant, men eg er altså ikkje ein av dei. Murakami sjølv verkar veldig sjølvoppteken, språket er ikkje spesielt godt, slik at det kan henda at det å lesa verka mot si eiga hensikt: Eg tenkte at dette kunne vera ein inngang til Murakami, men dette var så triste greier at eg ikkje er spesielt lysten på å prøva meg på noko anna han har skrive.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar:

  1. Så synd boken ikke falt i smak. Du har sikkert rett i at vi som kjenner tankegangen (og litteraturen) hans, kanskje får en annen innfallsvinkel. Jeg likte boken veldig godt :)

    SvarSlett