7. juni 2016

Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)

Dei norrøne busetnadene på Grønland, igjen. Dei siste månadene har eg lese to andre bøker om dette emnet. Dette er den suverent beste. Begge dei to andre (George W. Sejersted og Heyerdahl/Lillieström) hadde klare og rare målsetjingar med bøkene sine: Dei ville prova at nordmenn var store og viktige og modige oppdagarar. Sejersted analyserte og tolka lite; dei to andre prøvde på det, men fekk fyrst og fremst vist at dei ikkje forstod seg på å bruka kjeldene rett.

Ingstad går langt grundigare til verks. Rammeforteljinga er ein båttur på Grønland i 1950, der han, saman med kona Anne-Stine og ein sunnmørsk skipper, siglar opp og ned langs vestkysten av Grønland. (Båten deira er kalla opp etter dottera Benedicte, som på den tida var sju år gamal.) Dei går i land mange stader, vandrar på tun og gardar som er kjende frå litteraturen, og fortel om det som er kjent frå dei ulike områda. Han skriv om dei mange turane grønlendingane tok til det amerikanske kontinentet, men vågar ikkje å vera sikker på kvar Vinland faktisk låg: "Helt sikre spor etter vinlandsfarerne er således ennå ikke funnet i Nord-Amerika, men så er det heller ikke foretatt systematiske undersøkelser. Det er nå på tide at de blir gjort". Boka kom ut i 1959; året etter var ekteparet i gang med systematiske utgravingar på L'Anse aux Meadows.

Ingstad skriv òg godt om det store mysteriet kring busetnadene på Grønland: Kvar vart det av folket? Ingstad konkluderer ikkje, han er altfor ryddig til det, men han argumenterer likevel godt for at folket i Vestbygda flykta, kanskje til Amerika, kanskje til Island, medan folket i Austbygda vart plaga av røvarar og bandittar frå andre land at dei òg flykta. Kanskje, skriv Ingstad, flykta folket frå Austbygda nordover til Vestbygda, og forteljingane deira om bandittar kan, saman med dårlege år, ha ført til at folket valde å flykta/flytta,

Guffen tilrår.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar