29. juli 2016

Odd W. Surén: Fanger og opprørere (1985)

Eg var innom i Fjærland i sommar, og kjøpte mellom anna med meg nokre tidlege Surén-bøker. Eg har lese fleire av dei nyaste bøkene hans, og har stort sett vore godt nøgd med dei. Dette er debutboka hans, og det er ikkje heilt det same nivået.

Nokre likskapar er her. Også her skriv han om folk som ikkje har det så bra, folk som er litt på sida, folk som ikkje får det heilt til. I boka er det seks noveller, og novella som gjorde sterkast inntrykk var "Flaskepost", der ein eldre mann finn ein flaskepost han sende ut som fjortenåring. Han les gjennom den pretensiøse teksten han skreiv for mange år sidan, og får nesten vondt av å lesa det. Men både denne og dei andre novellene er prega av at Surén ikkje har funne røysta si enno. Her er humor, men han er ikkje god nok. Historiene er der, men heller ikkje dei er heilt gode nok. Og det som kanskje skil denne boka mest frå dei nyare bøkene hans, er ordbruken. Han bruker mange ord, han bruker lange ord, og skriv nokre setningar der det verkar som det viktigaste er å visa fram at han har eit enormt ordforråd.

Guffen er lunken.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar