27. september 2016

David Hepworth: 1971. Never a dull Moment (2016)

Det har vore mange viktige år i rockehistoria. Hepworth argumenterer overtydande for at 1971 er det viktigaste. Det er ikkje slik at den beste plata eller den beste songen i historia vart gjeven ut det året, meiner Hepworth, men det var eit år der ein braut med det som kom før, og der grunnlaget vart lagt for det som framleis kjem.

Han går kronologisk til verks, månad for månad gjennom året, og kikar sjølvsagt både framover og bakover. Kva kom for alvor av nye ting? Kvinnelege singer-songwriterar. Rockestjerner i skatteeksil. LP-ar tok over for singlar. Plateselskapa sikta seg inn mot eldre kundegrupper, mellom anna med fleire samleplater. Den fyrste støttekonserten for trengande i andre land. Den fyrste mega-platebutikken. Den fyrste (verkeleg) store festivalen i England. I tillegg var 1971 eit merkeår for mange artistar som prega musikken i dei seinare tiåra, som Neil Young eller David Bowie. Dei gamle gudane, som Elvis eller dei nyleg oppløyste The Beatles, var framleis aktive, men gav ut plater som var langt unna toppnivået deira.

Hepworth sjonglerer desse artistane og hundrevis av andre på ein svært elegant måte. Dei underhaldande anekdotane står i kø, og det vert fort tydeleg at boka er skriven av ein som a) kjenner historia godt, og b) skriv svært godt. For min del kunne han skrive liknande bøker om andre år òg - å skriva ei komplett rockehistorie på dette viset ville vore for omfattande, men kan kunne valt ut nokre andre år, og sikkert gjort det like underhaldande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar