2. oktober 2016

Frode Grytten: Menn som ingen treng (2016)

Ti noveller, ti menn som hovudpersonar. Det er vel ikkje ingen som treng desse mennene, men det er menn som i ulike faser av livet har kome litt skeivt ut. Ein vektar misser jobben av di nokon filmar at han går valdeleg til angrep på ein innvandrar. Ein mann omtrent utan vener får permisjon frå jobben, reiser til Manchester, og vert drepen dagen etter at han kjem fram. Ein ung finnmarking (i det som er ei av dei sterkaste novellene) tek med seg den endå yngre kjærasten på eit innbrotsraid i hytter på vidda, og går frå å vera innbrotsmann til drapsmann. Ein som har budd i Noreg i fleire tiår køyrer seg vill i snøvêret, på veg heim til Oslo frå Gardermoen.

Med eitt unntak er det finfine noveller. Det er den fyrste novellesamlinga til Grytten på mange år, og det er godt å ha han tilbake i dette formatet. Han kan sjangeren. Opninga på eit par av novellene verkar litt omfattande, men utover i novella er det tydeleg at opninga burde vera akkurat slik ho var.

Heilt til slutt kjem det ei liste over forfattarar, musikarar og filmskaparar boka er skriven i dialog med. Rundt femti namn. Referansane til nokre av desse er openberre, slektskapen mellom dei to i Finnmark og dei to hovudpersonane i Malick-filmen Badlands er openberr. Det same er tekstlina "det er tøft nok å overleve sjølv for dei som ikkje hører heime her"; Morrissey skreiv "life is hard enough when you belong here".

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

1 kommentar:

  1. Flott omtale, jeg ble fristet! Novellesamlingen minnet meg litt om Kjell Askildsen sin Vennskapets pris, som også er historier med tilårskomne menn :)

    SvarSlett