23. januar 2017

Jon Krakauer: Where Men Win Glory (2009)

Eg har likt det aller, aller meste av det eg har lese av Krakauer. Denne boka har eg vore litt skeptisk til, og har hatt ho ståande i hylla ei stund før eg tok ho fram. Eg trudde det var ei bok om amerikanske soldatar i Afghanistan, og det kan jo verta keisamt i lengda. Eg var ikkje heilt på bærtur, men inntrykket mitt var like fullt feil.

Boka handlar om Pat Tillman. Han spelte amerikansk fotball i NFL, altså på høgaste nivå, og var i ferd med å etablera seg som sentral på laget. Det endra seg 11. september i 2001. Han såg verdien av at amerikanske soldatar reiste til andre land for å kjempa, og følgde opp denne haldninga med handling: Han sa nei takk til vidare NFL-spel, og verva seg for tre år i militæret. Han var ein tur i Irak i 2003, og i 2004 var han i Afghanistan. Der vart han skoten og drepen på eit oppdrag.

Framleis verkar dette litt feil. Eg generaliserer det eg er god for: Amerikanske fotballspelarar og soldatar er ikkje av dei mest spanande. Det fann Tillman fort ut òg. Då han og broren kom til den fyrste leiren sin, ein stad i USA, var dei sjokkerte over kor unge og lite utvikla dei andre soldatane var. Primitiv humor, ikkje altfor mykje intelligens, og mange veldig skyteglade unge menn. Dette spelte inn då Tillman vart drepen. For det er akkurat dette som er det gjeve med denne boka. Det er ikkje ei rein hylling av det amerikanske forsvaret. Tvert imot. Tillman vart skoten av ein medsoldat, etter nokre hektiske minutt der nokre amerikanske soldatar skaut og skaut og skaut mot andre på same lag.

Dette var sjølvsagt dårleg PR for forsvaret - ein ting var at her var (endå) ein soldat drepen av amerikanske kuler, ein annan ting var at det var Pat Tillman, som mot sin vilje var gjort til ein heltefigur i Amerika. Forsvaret gjorde alt dei kunne for å leggja lok på korleis han var drepen, dei laug, dei dekte over fakta, dei trekte tilbake rapportar som viste korleis det heile hadde skjedd, osb. Boka fortel altså ikkje om dei heroiske soldatane, boka fortel om korleis det amerikanske forsvaret dekkjer over fakta for å tvihalda på støtten frå det amerikanske folket.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar