19. februar 2017

Vestavind (1994)

Dette er jo ein god idé. Serien opnar i fredsdagane i 1945, og fortel om tida fram til 1972. Det er ei tid der det norske samfunnet (og verdssamfunnet) endra seg stort.

Det handlar om to familiar, som vert bundne saman gjennom ei hending i opningsepisoden. Ein krigssiglar frå den velståande Frogner-familien Ahlsen gjer ei kvinne frå den trauste bondefamilien Nedrebø frå den oppdikta bygde Lovranger gravid. Gradvis vert fleire familiar og personar dregne inn i historia, sjølvsagt, men det er heile tida desse to familiane handlinga krinsar rundt. Det er òg eit godt grep, som gjer at ein lett kan få fram kor variert dette landet er. Ho som vert gravid flyttar til dømes til Oslo, og må tilpassa seg den framande kulturen der for å greia seg.

Så alt kunne vore bra, men det er det likevel ikkje. Det er nesten skremmande kor dårleg serien er. Svært mange av dei sentrale figurane er karikerte. Svært få av dei endrar seg gjennom serien. Me kjenner dei lett att - her på bygda er det til dømes lett å finna folk som minner om det endringsskeptiske ekteparet på Nedrebø. Skodespelet er teatralsk - det minner meir om fjernsynsteater enn ein fjernsynsserie. Svært mykje av serien, i alle fall det som er filma i Oslo, går føre seg innandørs - ein har altså ikkje brukt mykje tid på å laga kulissar utandørs. Me kom oss gjennom heile serien, men det var kanskje mest av di me omtrent midtveges skjøna at serien vart lettare å sjå om me såg det som ein komedie.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar