1. mai 2017

Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Eg repeterer: Eg har lese dei aller, aller fleste bøkene som er skrivne om Marx Brothers - og det er skrive mykje om dei. Det er difor både overraskande og gledeleg når det dukkar opp bøker med heilt nye vinklingar, slik det har gjort dei siste åra. Denne boka pløyer ny jord, og Bader løyser oppgåva si på ein finfin måte.

Det er velkjent at Marx Brothers var vaudeville-artistar i bortimot tjue år før dei slo gjennom i 1924. Det er denne perioden Bader skriv om. Han har gjort eit gravearbeid av dei sjeldne, og fortel om det meste Marx Brothers gjorde på scener rundt om i USA (og England). Frå dei spede fyrste forsøka, der Groucho som femtenåring vart rundlurt av leiaren i ein trio han reiste rundt med, eller den svært fornøyelege historia om då sju år gamle Gummo opptrer saman med onkelen sin. Onkelen agerte buktalar; Gummo sat på fanget hans, inne i ei dokke. For å visa at det ikkje var juks stakk onkelen ei nål gjennom beinet. Det var avtala på førehand, og Gummo hadde begge føtene sine i det eine buksebeinet. Diverre hadde dei ikkje avtala kva buksebein han hadde føtene i.

Bader kjem med mykje ny informasjon, og tek òg livet av mange mytar. Han viser kor store dei var alt før 1920, der dei var av dei best betalte i vaudeville, og der dei jamleg vart omtala i bransjeblada. Påstanden om dei var heilt ukjende då dei brakdebuterte på Broadway i mai 1924 vert altså kraftig tilbakevist. Bader siterer frå lokalaviser, bruker ei rekkje andre skriftlege kjelder, mellom anna upubliserte livsminne skrivne av Susan Marx (som var gift med Harpo), Kay Marx (som var gift med Groucho) og Robert Marx (son til Gummo). Og det er som det skal vera når han sluttar med eit seksti sider langt annotert oversyn over alle gongene dei stod på scena.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar