4. juni 2017

Seinfeld, sesong 1 (1989)

Vaksenopplæringa held fram: Me prøvde oss på denne med Aslak. Han likte det så langt. Då me kjøpte DVD-spelar for ti-tolv år sidan var Seinfeld den fyrste serien me såg, og det er ein serien som toler å verta sett ein gong til.

Dette er rett nok ikkje heilt slik me kjenner det. Det er berre fem episodar, medrekna ein pilot. Den vart send i 1989, dei fire andre vart sendt året etter. Serien har slettes ikkje funne forma si, i dei fyrste episodane er det lite av Kramer og mindre av Elaine. Det er mykje av George, og han er ikkje heilt som seinare i serien. Her er han eigedomsmeklar, og har heile tida godt med pengar.

Men her er òg mykje som me kjenner att. Seinfeld og George har eit godt forhold, der dei kan le av alle, seg sjølve medrekna. Seinfeld går ut med (eller prøver å gå ut med) tre ulike damer på desse fem episodane, og George kjem kvar gong med gode tips til kva han skal gjera, og analyserer alt som vart sagt og gjort.

Så me får sjå korleis det går - kanskje ser me heile greia opp att, kanskje går me lei når/viss Aslak går lei.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar