5. august 2017

Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)

Eg vart invitert til Melhus for å gå gjennom ei rimeleg stor boksamling der. Eg plukka med meg rundt hundre bøker, trur eg, der dei fleste bøkene på eit eller anna vis handla om norskdom og målsak. Denne boka har lite med begge desse emna å gjera. Eg tok ho likevel med meg, av di ho støtt vert nemnt som ei av dei klassiske norske bøkene om klatring. Eg var likevel skeptisk - boka vert gjerne omtala som svært underhaldande, men dei utdraga eg har sett har vore uvanleg keisame.

Utan denne skepsisen kunne dette vorte heilt annleis. Hadde eg venta meg noko stort her hadde eg vorte svært skuffa. Det er ei livlaus bok, der leseopplevinga vert endå verre av at Bryn prøver å vera underhaldande. Eg veit at dette er ein kjepphest eg har nemnt før, men likevel: Det er ikkje mykje som er verre enn å lesa tekstar der alle freistnader på humor fell til jorda.

Bryn reiser på klatretur på Korsika saman med ein kamerat, og litt seinare kjem ein til. Dei går ein del, dei klatrar litt, dei møter innfødde (som er bandittane i boka, utan at Bryn legg noko negativt i det), og dei reiser heim att. Dei er habile klatrarar, men Bryn er altså ikkje nokon habil skribent. Huff.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar