14. august 2017

John Steinbeck: The Harvest Gypsies (1936)

Gjennom heile 1930-åra vart fleire statar sør på den amerikanske prærien råka av tørke. Bønder måtte selja alt dei hadde, i alle fall det dei greidde å få selt, og svært mange flytta til andre statar for å finna arbeid. Mange reiste til California, der dei vart sesongarbeidarar i frukt- og grønsaknæringa. Dei som var utan familie greidde seg nokolunde godt, dei var mobile og kunne raskt flytta seg dit det var arbeid å finna.

For dei med familie var det langt verre. Dei budde enkelt, i telt etter hytter av simpelt materiale (som papp), og levde frå hand til munn. Vart nokon sjuke hadde dei ikkje råd til dokter. Dei hadde ikkje fast bustad, og hadde difor ikkje krav på hjelp frå stat og kommune. Viss dei organiserte seg fekk dei ikkje meir arbeid.

Forfattaren John Steinbeck engasjerte seg stort i saka deira. I oktober 1936 skreiv han sju artiklar for San Francisco News om desse heimlause arbeidarane, og artiklane vart deretter samla i ein pamflett. Artiklane er klare partsinnlegg, det er ikkje noko løyndom at Steinbeck stod eit stykke utpå venstresida. Dei er òg sylskarpe. Kvar artikkel har sitt eige tema, Steinbeck skriv mellom anna om bustadene deira, om helsa deira, om tilhøva for ungane, om korleis sjefane deira handsamar dei, før han sluttar med ein artikkel om kva som kan gjerast. Der argumenterer han for at arbeidsgjevarane deira faktisk er avhengige av arbeidarane, og at det difor er i deira interesse å leggja tilhøva langt betre til rette.

Steinbeck arbeidde med dette emnet også i skjønnlitteraturen sin. Denne utgåva har undertittelen "On the Road to Grapes of Wrath". Den koplinga er openberr, men også Of Mice and Men handlar om omreisande menn.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

1 kommentar:

  1. Om noenlunde samme tema anbefales James Agees Let us now praise famous men, her til lands kanskje mest kjent for bildene til Walker Evans.

    SvarSlett