3. august 2017

Linda Eide: Oppdrag Mottro (2012)

I gamle dagar, då Innsida-spalta i Dag og Tid framleis var levande og god, var Linda Eide ein av dei som skreiv der. Ein gong dukka det opp eit referat frå ein telefonsamtale med mor hennar, og det kom fleire. både der og i Bergens Tidende (trur eg). Denne boka er bygd opp rundt desse samtalane, og det er tidvis svært underhaldande lesnad.

Innhaldet stikk likevel langt djupare enn rein underhaldning. Slik er det normalt med det Eide lagar. Eit utgangspunkt for denne boka var at det gjekk opp for ho at mora hadde gjort mykje før Eide var fødd. Ho snakkar mykje med mora om oppvekst, om tida ho arbeidde på båt, om korleis det var i oppveksten, og om kva ho driv med no.

Alle samtalane har eigne tema. Nokre er dagsaktuelle, andre er det ikkje. Av og til snakkar dei om publisering av desse samtalane, spesielt når mora fortel noko Eide ikkje får lov til å bruka. Mora meiner òg at Eide har pynta litt på det ho seier, og at ho ved eitt høve har brukt ord mora aldri ville ha brukt, men Eide meiner at det er lite av det. Viss det er tilfellet, er det tydeleg at eplet ikkje landa altfor langt frå stamma, for mange av replikkane til mora er aldeles fabelaktige.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar