14. september 2017

Sigmund Skard: Karen Grude Koht (1987)

Karen Grude Koht (1871-1960) var gift med Halvdan Koht; Sigmund Skard var svigerson deira. Han skreiv nokre år tidlegare ein omfangsrik biografi om svigerfaren, og denne gongen skriv han altså om svigermora. Denne boka er langt frå like omfangsrik, og han slit òg med å avgrensa seg til ho han skriv om. Halvdan Koht er langt meir synleg her enn Karen Grude Koht var i biografien om han.

Det er sjølvsagt vanskeleg å unngå akkurat det, men likevel: Det skapar eit inntrykk av at Karen Grude Koht ikkje var viktig nok til å få sin eigen biografi. Og det inntrykket er feil. Ho var ei viktig kvinne, på fleire område. Ho var den fyrste bondejenta frå Jæren som vart student. Ho var engasjert i kvinnerørsla, og kjempa for likestilling. Ho var tidleg ute med å gje ut bøker om barnepsykologi. Samstundes verkar det som om det var opplagt for ho at dei to i heimen skulle ha eit tradisjonelt kjønnsrollemønster, der det var mora som hadde ansvar for barn og mat og alt slikt, medan faren var ute og tente pengar.

Når ein nær familiemedlem skriv ein biografi, kjem sjølvsagt dei vanlege innvendingane: Har biografen nok avstand til den biograferte? Bruker han kjeldene nøkternt nok? Det er det sjølvsagt uråd å svara på, men det er ikkje noko glansbilete Skard teiknar. Ekteskapet mellom Grude Koht og mannen hangla i fleire år, kanskje fleire tiår, og Skard fortel om fleire kvinner som stod Halvdan Koht nær i denne perioden. Det skal ha vore reint platoniske forhold, men det var likevel forhold som sette spor.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar