5. november 2017

Janne Nygård og Vebjørn Sture: Kva skal vi med sidemål? (2013)

Ein av mange gjengangarar i måldebattar er variantar av tittelen på denne boka? Kva i alle dagar skal me med sidemål? Også i dette spørsmålet er sidemål synonymt med nynorsk, og det er òg utgangspunktet til dei to som har skrive denne boka (eller pamfletten). Begge har vore leiar i Norsk Målungdom; Nygård har òg vore nestleiar i Noregs Mållag.

Dei går gjennom dei vanlege klagene: Sidemål tek for mykje plass i norskfaget. Me får aldri bruk for sidemål. Kvifor treng me to nesten like språk (eller målformer)? Haldningane til nynorsk vert betre om det vert valfritt. Nynorsk er i ferd med å døy uansett. Kvifor kan me ikkje heller bruka sidemålstimane til å læra samisk? Osb. Dei argumenterer godt og grundig mot alle desse påstandane. Eg står på same sida av målgjerdet som dei gjer, men det ser ut som om dei er ryddige og truverdige i argumentasjonen sin. Ei hende gong går alarmen, og eg tenkjer at akkurat her vert ståstaden deira for tydeleg, men jamt over er det ryddig og greitt.

Boka kjem òg med nokre framlegg til korleis sidemålsundervisinga kan betrast, og her er òg tre korte artiklar der Øystein Vangsnes, Eli Bjørhusdal og Gunnar Skirbekk skriv om ulike sider ved sidemålsspørsmålet.

Det kan godt henda at ei bok som dette vert flittigare lesen av dei som alt er positive til sidemål. Det er likevel slik at boka burde vore lesen av dei som er meir skeptiske. Det er ikkje sikkert at det hadde hjulpe, men likevel.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar