20. januar 2018

Three Billboards Outside Ebbing, Missouri (2017)

Det er litt uvant å sjå ein film same dag har noregspremiere, men for ein gongs skuld gjekk det slik. Heldigvis - dette er ein fin film

Dotter til Mildred Hayes vart valdteken og drepen for eit halvt år sidan. Mildred er forbanna på politiet, som ikkje har greidd å løysa saka, og tek ut sinnet sitt på ein original måte: Ho leiger tre store reklameskilt ved ein lite brukt veg, der ho spør kvifor politisjefen ikkje har løyst saka. Det vert bruduljar, sjølvsagt. Politisjefen tek det fint, og lovar Mildred å sjå på saka igjen. Ein anna politibetjent, ein enkel kar med høgst tvilsamt menneskesyn, tek det mindre fint, og tek ut sinnet sitt på han reklamekaren som selde skiltplass til Mildred. Både eks-mannen og sonen til Mildred likar det dårleg.

Saka vert ikkje løyst, men det er ikkje det viktigaste, filmen handlar meir om korleis Mildred kjempar mot overmakta. Ho har ikkje store økonomiske ressursar, men ho har ein vilje dei fleste kan misunna ho. Frances McDormand er strålande og vel så det i hovudrolla, og også Woody Harrelson er stor som politisjefen. Her er gode dialogar, med uventa mykje humor i ein i utgangspunktet alvorleg film, og det er truverdige og gode personar over heile lina. Til og med musikken er bra.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar