7. januar 2018

Øyvind Vågnes: Vesaas (2017)

Jon, forteljaren i boka, skulle ein gong skriva ein Tarjei Vesaas-biografi. Det gjekk ikkje, alt som viste att etter det prosjektet var ein artikkel i Vagant. Den artikkelen er nok til at han vert invitert med på nokre planleggingsdagar for eit Vesaas-senter i Vinje. Han er usikker på om han har noko å bidra med, men stiller opp.

I boka er det tre forteljingar, og Vesaas er det som bind dei saman. Planleggingsdagane er truleg meint som ei harsellering over alle slike seminar, der ho som styrer det meste snakkar slik ein del seminaristar gjer - ho bruker store ord som seier lite. Dei andre i gruppa er lunkne til det ho seier, men ho får viljen sin heile vegen. Den andre forteljinga handlar om då Jon prøvde å skriva biografien, der han bruker mest tid på å tenkja på forholdet til far sin, og på forholdet faren hadde til farfaren. Farfaren var ein ivrig Vesaas-lesar, og då Jon les bøkene han har arva ser han at dei er fulle av notat. Han prøver å snakka med faren om dette, men får ikkje noko ut av han. Den tredje delen handlar om dottera til ho i planleggingsgruppa Jon får eit best forhold til - dottera avtalar eit møte med ei anna jente, og denne delen må lesast som ei helsing til Is-slottet (som Vågnes heile tida kallar Isslottet).

Det var ei fin bok, dette. For Jon er det eit poeng at bøker skal lesast, og sjølv om han ikkje greier å få det fram godt nok, ser han det meiningslause i at forfattarar vert reduserte til noko som skal finnast på opplevingssenter med rare namn og rare påfunn. Det trur eg eg er samd med han i (sjølv om eg har arbeidd ved eit slikt senter, og vore med i planlegginga av eit anna), i alle fall til ei viss grad: Sjølvsagt kan det gjerast på både gode og dårlege måtar. Vert det inflasjon i slike senter, og vert dei laga av personar som snakkar seminarspråk, er det fare for at alt går til pises.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar