10. mars 2018

Eivind Hasle: Olav Gullvåg. Bladmann og bokmann (2015)

Olav Gullvåg var ein av dei synlege nynorskjournalistane dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fyrst redaktør i Søndmøre Folkeblad eitt års tid, før han i ni år var redaktør i Norig, som kom ut i Skien, og om lag like lenge i Gula Tidend. Han skreiv mykje, og han skreiv tydeleg - han hadde klare meiningar som var med på å polarisera synet på han. Han slutta som redaktør i Gula i 1929, og deretter var det mest skjønnlitteratur han skreiv. Ei kantate han skreiv til 900-årsjubileeet i Trondheim fekk fyrsteprisen, han skreiv fleire romanar og diktsamlingar, og han skreiv manus til spelet på Stiklestad. Han var trønder, og engasjerte seg sterkt i kampen for å endra namnet på Trondheim frå Trondhjem til Nidaros.

Det var altså nok av dramatikk i livet hans, slik at alt skulle liggja til rette for ein fin biografi om han. Slik gjekk det diverre ikkje denne gongen. Det er nærliggjande å skulda mest på forlaget. Boka kom ut på det vesle forlaget Snøfugl, og her er mykje som kunne vore annleis. Ein ting er formgjeving, ein anna ting er at det ikkje står utgjevingsår i boka, ein tredje ting er at ein tydelegare redaktør kunne ha stramma inn teksten mykje. No verkar boka ustrukturert, med mange kapittel som ikkje veit heilt kvar dei vil. Informasjonen og historia om Gullvåg ligg der nok, men ho burde vore fortalt på ein mykje betre måte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar